Eit utval av dokumenta som er tatt vare på frå Ålvik.
Dokumenter fra Bjølvo
Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.
Intervju og historiar frå Ålvik. Filmane finn du som lenker til høgre.
Ei medverkande årsak til ny industriutvikling i Ålvik på 1930-talet var store vassressursar som kunne magasinerast og regulerast i Ålvik-fjellet, saman med at det var investert i trinn 1 i eit stort høgtrykksanlegg og at det langt på veg var klargjort for eit nytt byggjetrinn om behovet for meir kraft til industrien var aktuelt.
Den opprinnelige kraftstasjonen stod ferdig bygd i 1918.
Bjølvefossen var namnet på ein av dei flottaste fossane i Hardanger. Fossen låg i Ytre Ålvik og var eit mektig syn for turistar i tidlegare tider. I det moderne Ålvik er historia til kraftverket, fabrikkproduksjonen og samfunnet tre sider av same sak.
Det første kraftverket i Ålvik vart bygd i to etappar i Ytre Ålvik for å kunne levere anleggstraum. Kraftverket var i drift frå 1916 og vart seinare eit reservekraftverk for A/S Bjølvefossen.
Bjølvo-prosjektet var eit pionérprosjekt med ei netto fallhøgd på over 800 meter, meir enn det doble av anlegga i Tyssedal og på Rjukan.
Gamle Bjølvo Kraftverk vart fasa ut då Nye Bjølvo Kraftverk kom i drift i mai 2004. Etter at Fossekompaniet A/S Bjølvefossen vart stifta i 1905, er namnet Bjølvefossen først og fremst kjend som eit kraft- og industriselskap. Det er få verksemder som framleis ber namnet til fossen som var grunnlaget for deira etablering.
Bedrifta Bjølvefossen var Ålvik si mor. Det var dette selskapet som fødde fabrikkbyen, som bygde gatene og alle husa og som skaffa innbyggjarane arbeid, mat og meiningsfull fritid. Inst i Kvam herad ligg Ålvik i ei lun sørvend bukt ved fjorden. Tettstaden strekkjer seg frå Vikedal i vest, via sentrum i Indre Ålvik, forbi Skjæret og Auganæs til bustadfeltet Vetletveit. Ålvik er den einaste industristaden på Vestlandet som har sol heila året.
Utdrag frå boka Fabrikkbyane i Hardanger av Eva Røyrane
Kraftmuseet
Norsk vasskraft- og industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal Telefon: 53 65 00 50 post@kraftmuseet.no