NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Bjølsegrøvatn

Ei medverkande årsak til ny industriutvikling i Ålvik på 1930-talet var store vassressursar som kunne magasinerast og regulerast i Ålvik-fjellet, saman med at det var investert i trinn 1 i eit stort høgtrykksanlegg og at det langt på veg var klargjort for eit nytt byggjetrinn om behovet for meir kraft til industrien var aktuelt. 

 

Bjølsegrøvatn

Bjølsegrøvatn 2014Foto: Dag Endre Opedal/NVIM

 

 

I 1906 starta eit mindre anleggsarbeid i høgfjellet for å førebu ei større kraftutbygging. Det viktigaste tiltaket var senkingstunnelar for å kunne tørrleggje damanlegg ved Vetlavatnet og Bjølsegrøvatnet. Dei første brakkene, som seinare vart utvida, kom òg på plass.

 

Elva Bjølvo hadde sitt utspring I Bjølsegrøvatn (kote 863,65) som igjen har vassføring frå Kolavatn og Storavatn. Elva rann ut i Hardangerfjorden i Ytre Ålvik.

Nedslagsdistriktet er 54 km2 og har ein snitthøgde på nærare 1100 m.o.h. Nedbørsintensiteten er stor og gav etter utbygginga i 1938 eit årleg avløp på 131 mill. m3. Dette tilsvarar 4,15 m3/s. Mesteparten av nedslagsfeltet er snaufjell som nyttar lite nedbør, og har låg fordampingsprosent.

Etter fleire tilleggsutbyggingar, vart midlare tilsig utvida til 174,8 mill. m3 og eit totalt magasin på 91 mill. m3

Den første dammen ved Bjølsegrøvatn var ein gravitasjonsdam med reguleringshøgd på kote 867,5 og eit magasin på 22,5 mill. m3.

Demningen DemningenFoto: Harald Hognerud

 

 

Første byggjetrinn inneheld dam ved Bjølsegrøvatnet sør-aust, synk og lukehus ved Bjølsegrøvatnet sør-vest, ein tunnel til lukehus og ventilhus ved Toppen, ei røyrgate ned til den eldste kraftstasjonen, der det vart montert tre aggregat, kontrollrom og koplingsanlegg for levering av straum til karbidsmelteverket og samfunnet rundt. I tillegg vart det bygd toppvaktbolig, trallebane med øvre og nedre spillhus langs røyrgata, og taubanar både frå kaia i Ålvik til Toppen og frå Toppen til damanlegget, samt anleggsbrakker, arbeidsvegar og provisoriske bygg og anlegg.

Under den andre utbygginga vart det bygd ein kvelvdam av armert betong i lengde på 98 m og største høgde 21,3 m. Reguleringshøgd vart på kote 879,65 og magasin 89 mill. m3. Reguleringa var basert på 2 meter senking og 16 meter oppdemming.

Frå sør-austre ende av Bjølsegrø fører ein 1500 meter lang tunnel fram til fordelingsbasseng på Toppen. Tunnelen er råsprengd og har eit tverrsnitt på 5 m2. Botn av tunnelen ved inntaket er på kote 857,40 og ved fordelingsbassenget på kote 852,40, dvs. eit fall på 1:300.

Røyr inn mot tunnel Røyr inn mot tunnel, inngang utanfor ventilhusFoto: Harald Hognerud

 

 

Over tunnelinntaket (synken) er bygd eit lukehus i betong der heisespill for avstengingsluke er montert. Luka er ei glideluke, med lysopning B x H 2350 x 2500. Topptettinga er utført i tre, truleg ei eikelist. Framføre tunnelmunningen er montert ei grovvaregrind.

Lukehus på Topp Lukehus på ToppFoto: Harald Hognerud

 

 

Planane for utbygginga av Bjølvo kraftverk var utvikla gjennom fleire år før 1916. Alt i 1915 var det tatt høgde for eit nytt byggetrinn, med heving av dam, røyrgate nr. 2 og utbygging av kraftstasjonen. Gjennom dokumentasjonsprosjektet finn vi at det i første byggjetrinn vart prosjektert, teikna og installert ein røyrstuss (inntakskonus) i fordelingsbassenget på Toppen for røyr 2, samt samankopling og fordeling av vatnet mellom røyr 1 og røyr 2 til turbinane.

I ei revidert og godkjend teikning datert 15. mai 1915, heiter det: «For 1ste Utbygging: 20000 HK. Monteres kun Rørledning 1. I Fordelingsbassinet monteres dog ogsaa Indtaktskonus for Rørledning 2. Ved kraftstasjonen medtages av Rørledning 2 den nederste del til punkt A».

På 1960-talet vart anlegget bygd ut i høgfjellet, med fleire mindre dammar og tappetunnelar for å kunne auke magasinfylling og reguleringsevne. I 1968 vart òg nedslagsfeltet auka ved at Kassdal pumpestasjon vart sett i drift (3x520kW). Vatnet blir pumpa frå Nedre Goddalsvatnet til Bjølsegrøvatnet.

Kastdalen Punpestasjon. Luftfoto Kastdalen PumpestasjonLuftfoto: Harald Hognerud

 

Nye Bjølvo Kraftverk ligg inne i fjellet rett vest for den gamle stasjonen, med tunnel frå Bjølsegrøvatnet. I dette prosjektet ligg det ei ytterlegare senking av Bjølsegrøvatnet, heving av Nedre Goddalsvatn og nye bekkeinntak.

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no