NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Ålvik og kraftverket Bjølvo

Gamle Bjølvo Kraftverk vart fasa ut då Nye Bjølvo Kraftverk kom i drift i mai 2004. Etter at Fossekompaniet A/S Bjølvefossen vart stifta i 1905, er namnet Bjølvefossen først og fremst kjend som eit kraft- og industriselskap. Det er få verksemder som framleis ber namnet til fossen som var grunnlaget for deira etablering.

 

 

    

Historiske foto: AS Bjølvefossen og Hardanger Folkemuseum Utne

 

Tekniske spesifikasjonar

Elva Bjølvo hadde sitt utspring I Bjølsegrøvatn (kote 863,65) som igjen har vassføring frå Kolavatn og Storavatn. Elva rann ut i Hardangerfjorden i Ytre Ålvik. Nedslagsdistriktet er 54 km2 og har ein snitthøgde på nærare 1100 m.o.h. Nedbørsintensiteten er stor og gav etter utbygginga i 1938 eit årleg avløp på 131 mill. m3. Dette tilsvarar 4,15 m3/s. Mesteparten av nedslagsfeltet er snaufjell som nyttar lite nedbør, og har låg fordampingsprosent.

Etter fleire tilleggsutbyggingar, vart midlare tilsig utvida til 174,8 mill. m3 og eit totalt magasin på 91 mill. m3

Den første dammen ved Bjølsegrøvatn var ein gravitasjonsdam med reguleringshøgd på kote 867,5 og eit magasin på 22,5 mill. m3.

Under den andre utbygginga vart det bygd ein kvelvdam av armert betong i lengde på 98 m og største høgde 21,3 m. Reguleringshøgd vart på kote 879,65 og magasin 89 mill. m3. Reguleringa var basert på 2 meter senking og 16 meter oppdemming.

Frå sør-austre ende av Bjølsegrø fører ein 1500 meter lang tunnel fram til fordelingsbasseng på Toppen. Tunnelen er råsprengd og har eit tverrsnitt på 5 m2. Botn av tunnelen ved inntaket er på kote 857,40 og ved fordelingsbassenget på kote 852,40, dvs. eit fall på 1:300.

Over tunnelinntaket (synken) er bygd eit lukehus i betong der heisespill for avstengingsluke er montert. Luka er ei glideluke, med lysopning B x H 2350 x 2500. Topptettinga er utført i tre, truleg ei eikelist. Framføre tunnelmunningen er montert ei grovvaregrind.

Varegrind

Grovvaregrind. Foto: Harald Hognerud

 

Fordelingsbassenget er sprengt som sjakt med 120m2 tverrsnitt og er delvis utfora med betong. I botn av bassenget er ei spyleluke for spyling gjennom eigen sidetunnel (stoll) ut i ein sidedal vest for fordelingsbasseng og ventilhus. Overløpet ligg på kote 879,65 og har avløp til same sidedal.

Lukehus på Topp

Lukehus på Topp. Foto: Harald Hognerud

 

Over fordelingsbassenget er bygd eit lukehus på to plan. Framføre røyrleidning 2 er varegrind og avstengingsluke, framføre røyr 1 berre varegrind. Røyr 1 har i staden ein spjeldventil like etter gjennomføringa til ventilkammeret (ventilhuset). Luka har lysopning B x H 2200 x 6000

Røyr 2 kunne stengast med ein handdriven ventil like bak innstøypingsproppen, medan luke og korggrind framføre røyr 1 kunne manøvrerast både manuelt og elektrisk.

 

Gamle Bjølvo kraftverk hadde installert effekt på 54 MW etter den siste utvidinga i 1971, og snittproduksjon pr. år på 322 GWh, medan Nye Bjølvo kraftverk har installert effekt på 100 MW og leverer ca. 500 GWh pr. år.

 

   Alle foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

 

Kart over Bjølvo kraftverk

Kart over Bjølvo kraftverk

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no