Dette skriv Teknisk Ukeblad i 1908.
At Odda forandra karakter frå bygd til industristad ser vi tydeleg på dette fotoet. Her ser vi små gardshus og store fabrikkanlegg side om side.
I bakgrunnen til venstre ser vi Cyanamidfabrikken sine anlegg og spesielt den store siloen (lagerhuset) som er under oppføring. Til høgre for det er det første omnshuset til kalciumcyanamidfabrikken kome opp. Framfor det lange fabrikkbygget ser vi første byggesteg av Lindeanlegget, med gavlen mot oss. Vidare mot sør kjenner vi igjen dei karakteristiske teglsteinsbygga med verkstadar, smier, støyperi, lagerhus og så vidare. Alle desse står framleis i 2014. Men før anleggsarbeidet starta i 1906 var heile dette området opne bøar, sandmoar og ein husmannsplass eller to.
På bøane framfor teglsteinshusa ligg den to-etasjes folkeskulen, "Oddapollen skule", og framfor den gardshusa og bøane til Torstein Samsonson Opheim på bruk nr 5 i Bygda. Vi legg merke til det karakteristiske gjerde laga av brakestaur, og frukttrea som står på rekker og i klynger.
Det største huset midt i biletet er Ungdomshallen, oppsett av Odda Ungdomslag i 1907. Litt bak den er husa i Skjelmhaug, eit område som er utbygd og heilt endra i dag.
Heilt i venstre kant ser vi deler av taket på uthuset som i dag høyrer til museumsanlegget i Folgefonngata 9. Den gong var desse husa mellom dei første arbeidarbustadane som kom opp i Odda sentrum.
Hotellbygningane og småhusa nede ved fjorden (utanfor venstre bildekant) hadde sett sitt preg på Odda sentrum frå 1880-åra og framover. Men at fabrikkanlegga verkeleg forandra karakteren på Odda, er det ingen tvil om.