sindark-film from NVIM on Vimeo.
Tranformatorstasjonen før restaurering. Foto: Kraftmuseet arkiv
Bygget etter restaurering. Foto: Terje Lægreid.
Tidlegare var dette bygget der ein tok i mot, transformerte og fordelte all elektrisk kraft frå Tysso I til smelteverket, andre verksemder og etterkvart til privat forbruk i Odda. Kraftlina kom frå Tyssedal, kryssa elva Opo og gjekk rett til fordelingsstasjonen gjennom hol oppe på veggen i teglsteinsmuren.
Kraft produsert i høgtrykksanlegg som Tysso I var grunnlaget for å etablera tungindustri i Norge. 4. mai 1908 vart det overført kraft for fyrste gong til karbidfabrikken. Bygget var lenge del av Tysso I kraftanlegg, eigd av AS Tyssefaldene. Noverande eigar er Odda Energi AS. Det kvite tilbygget du kan sjå mot elvebredden tek imot krafta i dag.
Bygget har internasjonal teglsteinsarkitektur med klassisistiske detaljar. Denne arkitekturen er representativ for industristader med utanlandske, spesielt engelske eigarar.
Den internasjonale arkitekturen viser eit klart brot med den regionale byggjeskikken i Hardanger og plasserer Odda i verdssamfunnet.
Bygget vart rehabilitert i 2013 til arkivføremål, med klimastyrte magasin, mottaksrom, møterom og arbeidsplassar for ordning av industriarkiv.
Fordelingsstasjonen - det kvite bygget ved elvakanten. Foto: Kraftmuseet arkiv
Industriarkivet
Industriarkivet tar imot, ordner og bevarer privatarkiv frå industrien slik at dei vert tilgjengelege for publikum. Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet. Senteret skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig informasjon om drift, tilsette, endringar og avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre. Bevaring av privatarkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Tilgjengelege industriarkiv gir tilgong til autentisk dokumentasjon av fortida.
Mottak av smelteverksarkivet. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet
Siri Jordal ved Industriarkivet tek imot Bauge-samlinga frå Odda Kunstforening ved Svein Hagen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet