NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Erling B. Johnson - mannen bak Oddaprosessen

"Johnsons liv og virke er et nytt eksempel på hva en enkelt persons innsats kan bety for en hel industri".

Are Naustdals minneord over Erling B. Johnson

Erling Bjarne Johnson

Erling Bjarne Johnson. Foto: NVIM arkiv

 

Erling B. Johnson utvikla Oddaprosessen i åra 1927-28. Prosessen er lite kjend i Norge, men godt innarbeidd internasjonalt som viktig i samband med produksjon av kunstgjødsel. Oddaprosessen var ein revolusjonerande måte å produsera fullgjødsel på.

 

Johnson var fødd i Oslo i 1893 og døydde i Odda i 1967. Han var utdanna kjemiingeniør, med eksamen frå Kristiania Tekniske Skole i 1913 og amanuensis ved kjemisk institutt ved Norges Landbrukshøgskule frå 1913-16, der han var assistent for professor Sebelien. Arbeidet dreide seg om gjødningsspørsmål.

Johnson var forsøkskjemikar ved North Western Cyanamide Company i Odda frå 1916 til 1921, og var med i Statens Råstoffkomite i 1921. Kjemisk og teknisk leiar for malingsfabrikken A/S Monopol på Askøy, og ved Jakobsens fabrikker A/S i Oslo frå 1921-24.

 

I 1925 er Erling B. Johnson attende i Odda og vert sjefskjemikar ved Odda Smelteverk A/S. Han vart verande ved verksemda til han gjekk av med pensjon i 1963.

 

Etter 1. verdskrig innførde dei fleste industriland sjølvforsyningspolitikk som resulterte i større konkurranse på eksportmarknadene. For å møta utfordringa, søkte ein etter alternative råstoff, prosessar og framstillingsmåtar.

Kalsiumcyanamidprodusenten Odda Smelteverk fekk sjefskjemikar Erling Johnson til å undersøkja om det var råd å leggja om produksjonen til nye gjødseltypar.

Johnson var godt kjend med dei internasjonale forsøka med å framstilla NPK-gjødsel (eit tresidig gjødsel som består av ei blanding av hovedstoffa nitrogen(N), fosfor(P) og kalium(K)). Denne metoden brukte kostbar svovelsyre og produserte gipsavfall. I laboratoriet ved Odda Smelteverk utvikla Johnson i 1927 ein metode for produksjon av gjødsel basert på oppløysing av råfosfat i salpetersyre. Patentsøknaden vart send i 1938.

Norsk Hydro protesterte på patensøknaden; dei hevda at han krenka deira samarbeidspartnar IG Farben og deira patent. Denne klagen vart avvist både i Norge og Tyskland då patentet vart meldt der. Oddaprosessen gav NKP-gjødsel av høg kvalitet som var mykje enklare enn svovelsyreprosessen som var brukt av IG-Farben.

 

Strid om patentar

Det vart bygd eit eige forsøksanlegg ved Odda Smelteverk der det vart utvikla ei rekkje nye patentar knytt til prosessen fram til 1930. Han vart likevel ikkje brukt i produksjonen ved Smelteverket. Norsk Hydro var den einaste aktuelle gjødselprodusenteten som kunne nytta metoden. I 1930 fekk Norsk Hydro høve til å studera denne, inkludert Johnson sine forsøksprotokollar. Det vart innleia forhandlingar om å lisensiera prosessen. I desse forhandlingane kravde Norsk Hydro å få overdrege lisensrettane som galdt i utlandet, noko leiinga i Odda ikkje kunne godta. Samstundes med forhandlingane vart det satt i gang forsøk på Hydro sitt laboratorium på Rjukan, der ein systematisk arbeidde for å omgå Johnson sine patentar. I november 1931 søkte Olaf Jensen og Hydro om å få patent på ein liknande NKP-prosess som omfatta tilsetjing av ammoniumnitrat som danna eit dobbeltsalt.

Oddaprosessen hadde også tilrådd tilsetjing av ammoniumnitrat i prosessen, men ikkje forklart sjølve skapinga av dobbelsaltet.

I 1934 vart Hydro sin patentsøknad først godkjend, men etter ein klage frå Odda Smelteverk vart Norsk Hydro nekta patent i 1935.

Trass i dette starta Hydro produksjon av Fullgjødsel utan lisens ved ein forsøksfabrikk på Herøya i 1936, og ved fullgjødselfabrikken som starta opp i 1938.

 

Hausten 1945 stemna Odda Smelteverk og Erling Johnson Norsk Hydro for retten for patentinngrep. 

Saka vart forlikt i 1947 ved at Hydro betalte Odda 175 000 kr (ca. 3-4 millioner i dag) og ei semje om ein 10-årig samarbeidsavtale om å utnytta begge partar sine patentar og røynsler med fullgjødsel.

I 1951 gjekk òg Norsk Hydro sin fullgjødselfabrikk over til å bruka den umodifiserte Oddaprosessen. I 1955 fekk Erling Johnson Norsk Hydro sin ærespris for arbeidet med Oddaprosessen.

 

Oddaprosessen ut i verda

Oddaprosessen vart først lisensiert internasjonalt til Bmag-Meguin AG i 1934, og IG-Farben i 1938. BASF, Hoechst og Staatsmijnen lisensierte òg prosessen. Føretaka brukte den, introduserte endringar og lisensierte dei vidare til andre føretak. Fleire internasjonale firma brukar Oddaprosessen i dag.

 

Erling B. Johnsens patent på Oddaprosessen

 

Oddaprosessen er ein kjemisk prosess for industriell produksjon av tresidig kunstgjødsel basert på svovelsyra med delkomponentane nitrogen, fosfor og kalium. Oddaprosessen gjorde det mogeleg å framstilla eit salgbart biprodukt av nitrat-delen i form av kalsium-nitrat (kalksalpeter), som òg kunne brukast til jordbruksføremål. Kalsium-nitrat er m.a. godt egna til gjødsling der det er lite vatn. 

 

Formelen for Oddaprosessen

 

Privatmannen Erling B. Johnson

Johnson var ein ivrig friluftsmann. I mange år leigde han ei hytte på Fossasete (Jordalstølen) og han bygde seg ei hytte ved Fonnastøl mellom Låte og Fonnastøl

Han var glad i skisport, og fekk sett ski på programmet til Odda Turnforening i 1918. Han tok òg initiativet til skiping av Odda Tennisklubb, der han vart vald til den første formann.

 

Erling B. Johnsen med ski Erling B. Johnsen i eit hopprenn på Folgefonna i 1920. Foto: NVIM arkiv

 

Han var ein ivrig fotograf og framkalla eigne bilete. Han heldt lysbiletekåseri i mange lag, og prøvde seg òg på smalfilming. Ein annan hobby var hagearbeid. Han poda roser og hadde ein vakker rosehage på Toppen, der han budde saman med kona Astrid og dei tre borna Ragnhild (Tuttik), Birger og Erling før dei bygde sitt private hus i Hovden i Odda.

 

Huset til Erling B. Johnsen på Toppen i Odda

Heimen til familien Johnsen på Toppen i Odda. Foto: NVIM arkiv

 

 

Kjelder: Wikipedia, Kappestrid - en idrettssaga, Odda i manns minne nr. 19

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no