Du er her:

Veteranar frå 2. verdskrigen i Odda kommune

Odda kommune markerte i 1995 femtiårsjubileet for frigjeringa etter 2. verdskrigen med fleire arrangement og tiltak. Eitt tiltak var ei brei kartlegging av veteranar. Fullstendig namneoppgåve over veteranane er tilgjengeleg i lenka til høgre.

I alt vart det registrert 670 veteranar i 1995. Registreringa omfatta både personar som budde i kommunane Odda og Røldal i krigsåra, og personar som hadde flytta hit i etterkant.  Eitt eksemplar av namnelista saman med eit føreord, vart bunde inn i raudt skinn, og nemnda for frigjeringsjubileet vedtok at Namneoppgåva vil verta teken vare på av Vestnorsk Industristadmuseum, (no Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum) og gjerast synleg for dei som gjestar museet og berre takast fram ved særleg høgtidelege høve. Brukseksemplar av namneoppgåva vil liggja i museumsarkivet.

Indre Hardanger var særs aktiv i motstandskampen og talet på dei som var med i illegalt arbeid var etter måten høgt, kan vi lesa i føreordet til veteran-kartlegginga. Kartlegginga omfattar 670 veteranar, og 115 var attlevande i 1995. Desse var Odda kommune sine heidersgjester under arrangementet på Rådhusplassen den 8. mai 1995. 

Namneoppgåve framside bokomslag

Namneoppgåva presiserer at tradisjonelt reknar vi som veteranar:

  • Dei som var med i krigen i 1940
  • Militære og sivile som tok del i alliert teneste under krigen
  • Dei som var med i motstandskampen her heime i okkupasjonsåra (Milorg, Sivorg m.fl. – og aktive før 1.1.1945)
  • Dei som sat i fangenskap her heime eller i Tyskland
  • Dei som var med i polititroppane i Sverige

Nemnda for frigjeringsjubileet 1995 i Odda kommune var leidd av biblioteksjef Margarethe Langfeldt og pensjonist Ivar Kollbotn. Arkivet etter nemnda er oppbevart ved Lokalhistorisk arkiv ved NVIM (museumsarkivet). For å oppfylla vedtaket om at namneoppgåva skal vera synleg og tilgjengeleg, publiserer vi ho her på nettsida til NVIM. Du opnar namnelista ved å klikke på lenka i boksen til høgre. 

I 2015 vart to av dei som er med i namneoppgåva frå 1995, Tore Stengaardsbakken og Arne Tokheim, samt  Alf Ellingsen, ikkje registrert i 1995, tildelt regjeringa si minnemedalje under ei tilstelling den 30. september i regi av Odda kommune.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no