NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Underdeilig!

"Underdeilig - Hardanger si reiselivshistorie" har fått mykje god omtale. No kan du bestilla boka direkte hos oss fraktfritt. Prisen er 399,-.

Send e-post med adressa di til post@kraftmuseet.no så får du bok tilsendt saman med faktura. Og om du vil, kan forfattaren signera boka!

 

Henrik Wergeland kalla Hardanger UNDERDEILIG, og det prøver området å leva opp til. Denne boka er ei vandring gjennom 200 år med reiseliv i Hardanger. Frå Edward Price som oppsøkte dei innfødde i 1820-åra: Eg vart introdusert som engelskmann, og kvar og ein reiste seg frå stolen - til keisar Wilhelm som kom hit 23 gonger:  Eg vert dregen av magiske trådar til dette folket. Oppturar, nedturar, skamros, kritikk. Det er motbydeleg å sjå slik som våre landsfolk smyg og kryp fyr dei reisande. Ei vandring i fruktblomstring, til fossane og fonna, og fram på kanten av Trolltunga.

 

 

 

 

Frå boklanseringa i Litteraturhuset

Frå boklanseringa i Litteraturhuset 4. juni 2020. Forfattar Knut Markhus fortel om innhaldet. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

Eit blikk inn i boka, som du får kjøpt i bokhandelen eller på Kraftmuseet. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no