NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Uår etter snø- og skredvinter på slutten av 1860-talet

Kraftige uvêr med snø- og jordras valde store skadar på folk og fe i åra rundt 1870. Den gong hadde dei ikkje styresmaktene å venda seg til, dei måtte ordna opp sjølve.

Frå tidskriftet Hardanger for Hardanger Historielag årgang 1976. Forfattar Jakob Mannsåker

Vinteren 1975-76 var det nesten dagleg meldingar i media om forrykande uvêr som tidt og ofte herja vår lange og ugjestmilde kyst og høgfjell. Menneskeliv gjekk tapt, store verdiar vart øydelagde og store ekstrabyrder vart pålagd samfunnet for å halda livsnervene i dei rama landsdeler i gang.

 

 

 

Brita Mannsåker (1825-1916) fortalde om uvêret og det som kom etter uvêret. Denne hausten hadde vore vanskeleg, heile tre gonger vart store deler av innmarka neddytta av jordras på gardane på Mannsåker. To gonger herja lauselden, og misvekst og tap av husdyr gjorde det ikkje lettare.

 

Fram mot jol sette det inn med gråvêr og skodda som kom til å vara over nyåret. Det vart ei hard tid, med 3 alner (1 alen er ca. 60 cm)  snø på flat mark. Berre det å koma i hus var litt av ei bragd. Det var som å symja i ei strid elv sa besten, som ikkje var nokon kastekjepp. Det verste var vasshentinga, langt til bekken som det her var. Til vanleg nytte ein hest vintersdag, men i dette uføret nytte det ikkje.

 

Ein tur til sjøen der handelsmannen var, var det ingen i uvêrstida som ofra ein tanke. Men «tobakkssykja» gjorde seg gjeldande, så då måtte det gjerast ein freistnad. Det var to vegar å velja mellom til Vasstun; med båt over Berstå (campingplassen i dag) og almenningsvegen ned til sjøen, eller om Hjøllo-Ragde ned til Freimssanden og båt til Almerket. Dei valde den siste, og la trøystig i veg.

 

Knud Knudsen foto frå Hardanger All transport gjekk føre seg med båt. Foto: Knud Knudsen Kraftmuseet arkiv

 

Med so mykje laussnø var dei reddast for rasfaren. På vestsida hadde vinden ført store mengder ned under eggjabaret. Dette kunne når som helst gli ut – noko det og ein dag gjorde…. berre at denne gongen fylgde det ikkje dei vanlege løypene; heile strekkja frå Ruklenuten i sør til Tokheimsnuten i nord vart eit einaste skredlaup, som med bulder og brak rende med svimlande fart til fjords. Ei veldig mjelsky kvita liene på den andre sida av fjorden nesten til fjells. Då Husaskreda losna samstundes, var ein redde at Tokheim kunne verta nedrend. Men som ved eit under unngjekk garden denne gongen. Han vart liggjande som ei lita øy i ei fossande stor elv. Snømengdene som var førde til fjords, fyllte heile Oddapollen. Ein kunne gå turrskodd over vart det sagt. Som ved eit under gjekk det ikkje liv med av noko slag.

 

Snøskred ned frå Ruklenuten over Kalvanes og Tokheim Snøskreda kom frå Ruklenuten ned Kalvanes og Tokheim. Foto: Kraftmuseet arkiv (I-TY1115)

 

At det ville bli sein vår etter all snøen, var me klar over, men so gale som det vart, drøymde ingen om.

 

Mildevêret let venta på seg. I staden fekk me nordaust med kulde, og denne vara i dagar og veker, so me såg ikkje berr mark før i slutten av mai, og då berre slike stader der sola fekk godt tak.

 

Åkrane var aota (sota), so dei var bare, men so frosne at det var ikkje tanke om såing. Omsuta med å halda liv i dyra vart det som opptok oss mest. Fyrst i juli fekk med løysa storféet. Det var eit sørgjeleg syn. I dagsljoset såg me fyrst kor medtekne og skrinne dei var. Mange so avkrefta at dei måtte ha hjelp til å reisa seg. Tanken gjekk attende til andre slike dagar då det var reine festen å sleppa dyra ut. Korleis dei då med høge raut, hopp og morosame sprett gav uttrykk for å vera fri.

 

Denne våren og sommaren var det ikkje noko høy å slå. Det som var av slått var snaugnege av småfeet. Det var skogen som måtte hjelpa oss. No kom ei tid eg aldri har sett maken til; det var folk alle stader der det var noko å finna som kunne nyttast. Stølsdrifta måtte me avskriva – det leid langt ut i juli før me våga oss til støls.

 

Det var tronge tider, men me hadde opplevd mange tunge dagar tidlegare og sett vår lit til forsynet. Dette var det som styrkte og heldt motet oppe då det såg som svartast ut denne gongen og.

 

Også vinteren 1975-76 var det nesten dagleg meldingar i media om forrykande uvêr som tidt og ofte herja vår lange og ugjestmilde kyst og høgfjell. Menneskeliv gjekk tapt, store verdiar vart øydelagde og store ekstrabyrder vart pålagd samfunnet for å halda livsnervene i dei rama landsdeler i gang. 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no