Du er her:

Om Hardingar, foto og forteljingar

NVIM og Hardanger Historielag presenterer HARDANGER - ei regionsoge i Sentralbadet Litteraturhus søndag 22.november kl. 16.

Inngangspengar: 70,- / 50,-. Medlemer av Hardanger Historielag gratis (sal av medlemskap). 
Billettsal i døra.

Kven er jentene på fotoet? Er det mellom andre Torbjørg Seljestad, seinare vertinne ved Hotel Folgefonn, som står på farten til Skottland? Eller er det fire systre som flytta til Saltdalen i 1883? To ulike forteljingar verserer i familiane. Kanskje får vi svar denne ettermiddagen? 

 

 

Om hardingen er det sagt at han heldt seg frampå, var utadvendt, lærte seg folkeskikk og disiplin. Hardingane drap ikkje så mykje som setesdøler, hallingar og teledøler, men dei ”haordrogst” (lugga)!
John Ragnar Mykjing kåserer om Hardingen - eit farande og handlande folk med godt sjølvbilete. Mykjing er ein glitrande formidlar, profesor i historie, og ein av forfattarane av 3-bindsverket Hardanger - ei regionhistorie. 

 

Bokverket Hardanger ei regionhistorie

Foto er sentralt i historieformidling, men er også utfordrande å bruka som kjelde. Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum har levert mange foto til regionhistorie-verket. Utgangspunktet for Ståle Dyrvik og Siri Jordal sitt foredrag er det kjende Axel Lindahl-fotoet frå Seljestad Skysstasjon. Fotoet er bruka som eit nasjonalt ikon for utvandringa til Amerika, men dette er ei tolking av motivet, og ikkje den eigentlege bakgrunnen for at fotoet blei tatt. 
 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no