NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Lindehuset

Kva var eigentleg Lindehuset? Kva rolle spela det for fabrikken? Og kvifor namnet «Lindehuset»?

Lindehuset from NVIM on Vimeo.

 

 

I eit intervju med lokalavisa Hardanger Folkeblad fortel tidlegare teknisk direktør ved Odda Smelteverk, Halvor Johan Bådsvik:

 

 

Linde-metoden

- Lindehuset er ein fabrikk som laga nitrogen. Frå lause lufta faktisk. Eit av dei viktigaste produkta til smelteverket den fyrste tida var kalsium-cyanamid. Det vart nytta som gjødsel. Det vart kalla «Trollmjøl» og «Odda-perler». For å lage det trong ein ei mengd nitrogen. Lindehuset var ein nitrogenfabrikk, kalla opp etter ein tyskar som heitte Carl von Linde (1842 - 1934 red. anm.). Han fann fram til prosessen for å hente nitrogen ut av luft, fortel Bådsvik, og serverer oss ein kortfatta versjon av den smarte metoden.

- Det er kring 80 prosent nitrogen og 20 prosent oksygen i luft. Kort sagt går prosessen ut på å komprimere lufta for deretter å late den ekspandere. Det gjev ei avkjøling. Du kan samanlikne det med ein kjøleskåpmotor. Prosessen vert repetert og ein kan oppnå svært låge temperaturar. Ved minus 192°C vert lufta flytande. Deretter destillerte dei den flytande lufta og fjerna oksygenet. Då sat dei att med nitrogen. Lufta tok dei inn ved Bakka, og den gjekk i ein kulvert gjennom Odda og opp i Lindehuset, fortel Bådsvik. Det er i dag råd å gå denne underjordiske gangen.

 

 

Sjølvforsynt fabrikk

Bådsvik fortel at det må ha vore Linde-anlegg ved verket sidan kring 1910, då det er dokumentert produksjon av kalsium-cyanamid frå det året. Dette stadfestar arkivar ved Norsk Industri- og Vasskraftmuseum, Brita Jordal. Ho fortel at den første konsesjonen for Lindeanlegget blei gitt 25. mai 1908.

Men det er ikkje same anlegget som det i dag vert spela teater i. Etter krigen vart verket modernisert og unge Bådsvik kjenner svært godt til Linde-anlegget som står i dag.

- I 1949 kom eg heim frå teneste i Tysklandsbrigaden. Eg ville inn på teknisk høgskule i Trondheim, men trong praksisplass. Det fekk eg ved Odda Smelteverk. Dette året erstatta verket det gamle Linde-anlegget. Eg har skrudd på tusenvis av muttrar i dette huset, fortel sivilingenøren, som seinare kom attende til Odda og vart teknisk direktør ved verket.

Då den billige fullgjødselen kom på marknaden nytta det ikkje å kome til torgs med dyre Odda-perler. Det betyr ikkje at det var kroken på døra i Lindehuset. Råvara som trengst for framstilling av eit anna produkt dei laga ved OS, «Dicy», er nemleg kalsium-cyanamid og CO2 (karbondioksyd). Det var framleis bruk for nitrogen.

Luringane ved Odda Smelteverk hadde allereie CO2 som eit avfallsprodukt frå kalkomnen der dei brann kalk til karbidproduksjon. Nitrogen henta dei frå lufta i Lindehuset og dermed var dei sjølvforsynte med det meste til å lage Dicy. Eit genialt elektrokjemisk konsept.

 

 

Lindeanlegget Odda Smelteverk Lindeanlegget

 

 

 

Etter at produksjonen på Odda Smelteverk stoppa, er Lindehuset blitt brukt som kulturbygg. Teaterstykket Bikubesong, musikkspelet ”Arven”, det årlege Litteratursymposiet og konsertar av mange slag er framført her. Huset symboliserer ein ny bruk av industri og kultur i profileringa av eit Odda i omstilling. Bygget er i dag freda og er søkt inn som regionalt kulturbygg.

 

Andre Søfteland synger i Lindehuset Andre Søfteland synger på en konsert i Lindehuset.

 

LINDEHUSET

Bygningen Lindehuset sto til forfall. Gjennom eit samarbeidsprosjekt mellom Kraftmuseet (NVIM), Riksantikvaren og Odda kommune, kalt “Kulturminner og verdiskaping”, vart store delar av utvendig fasade restaurert. Arkitekturen representerer ein internasjonal industriarkitektur frå århundreskiftet, då funksjonalismen var på veg inn, men klassisistiske trekk framleis var tydelege.

Frå 2019 har Kraftmuseet inngått ein leigeavtale med Odda kommune om å utvikla Lindehuset til eit regionalt kulturhus.

 

 

Lindehuset med eføy Lindehuset før restaureringa.

 

Lindehuset fasade 2015 Lindehuset etter restaurering.


 

Informasjonsskilt Smelteverkstomta

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no