NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Følesansen

FØL DEG FRAM. Når me ikkje har synssansen, må me føla oss fram. Det er uvant! Prøv å gjera nokre enkle oppgåver i blinde, til dømes pusla eit babypuslespel eller setja saman noko som er i fleire deler

De kan og prøva å leika Kims leik med følesansen. Legg nokre gjenstandar under ein duk, og la den andre kjenna på dei. Så tek du vekk ein av gjenstandane. Kan den andre kjenna kva gjenstand som manglar? Var det vanskelegare å hugsa gjenstandane enn når ein leikar leiken til vanleg, med synssansen til hjelp?

 

Følesansen

Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

KOR FØLSAM ER DU?

Fingertuppane til mennesket er kanskje det mest følsamme hudområdet i dyreriket. Me kan kjenna rugler i overflata som er ein brøkdel av ein millimeter djupe. I dette forsøket kan du kjenna kor tett sansecellene sit ulike stader på kroppen.

Lukk augene og lat ein annan prikka deg forsiktig med nåler eller enden på ein binders eller noko anna spisst. Start med å prikka med nålene omlag ein cm frå kvarandre. Ta dei nærare og nærare kvarandre. Kor nær må dei vera for at det kjennest ut som du blir prikka med berre ei nål? Det går an å legga inn nokre "lurestikk" med berre ei nål, så ein er sikker på at ein kjenner forskjell på ei og to.

Prøv det same andre stader på kroppen, til dømes oppå handa eller på olbogen. Var resultatet annleis der? Kvifor det, trur du?

 

Følesansen Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

 

TEST TEMPERATURSANSEN

Me har sanseceller som oppfattar både varme og kulde. Blir stimuliet sterkt nok, vil me oppleva det som smerte. Temperatursansen reagerer også mest på endring, slik som de andre sansane. Når du badar i kaldt vatn er det kaldast i starten, før du har vent deg til det. Då reagerer ikkje sansecellene like mykje lenger.

Til dette forsøket treng du ei skål varmt vatn (ikkje så varmt at du brenn deg), ei med kaldt vatn og ei med lunka vatn i midten. Stikk ei hand i det varme og ei i det kalde, og ha dei der ei stund til du blir litt vane med det. Så puttar du begge hendene i det lunka vatnet. Kjennes det likt ut for begge hendene? Kvifor ikkje? Den eine handa var vane med kulde frå før, og den andre med varme.

 

Følesansen Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

KVA SKJER PÅ INNSIDA?

Sansane våre fortel ikkje berre om kva som skjer rundt oss, men og kva som rører seg inni oss. Slik får me vita om behov me har, til dømes om kroppen vår treng mat, vatn eller ro og kvile.

Av og til er det kjenslene våre som gjev beskjed, og også dei kjenner me fysisk i kroppen. Kva kjenner du når du viss du er redd, lei deg eller glad? Kva treng du då?

Det er ein god vane å kjenna litt etter av og til kva kroppen din prøver å fortelja deg, og prøva å setja ord på det. Ta eit minutt og berre kjenn etter kva det er du treng. Kanskje er det ei brødskive, kanskje litt frisk luft, eller kanskje ein klem frå nokon i familien? Kan du gje deg sjølv det?

 

Følesansen Foto: Signe Bondhus-Jensen, Kraftmuseet

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Heimeskuletips

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no