NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Faner og flagg

NVIM har verdifulle faner og flagg frå lokale organisasjonar i Odda og Tyssedal. Fagforeiningar, politiske parti, songkor, fråhaldslosjar, speidartroppar, kvinneorganisasjonar og skular er representerte.

I september 2011 pakka vi faner og flagg i vatt og syrefritt silkepapir, lagt dei sirleg i store tekstilkartongar og sendt dei til Salhus, i alle fall dei fleste (28 stk). Unntaket var 8 faner som er deponerte ved NVIM, men vi håpar at også desse verdifulle fanene kan få plass i spesialmagasinet etter kvart.  

Fagforeningsfane 1933

Fagforeningsfane frå 1933

 

I den tidlegare trikotasjefabrikken i Salhus er det bygd konserveringsverkstad og klimastyrte magasin. Musea i Hordaland har  fått eit svært godt magasintilbod og Hordaland Fylkeskommune tek rekninga. Det er særleg gjenstandar av eineståande regional/nasjonal interesse vurdert ut frå gjenstanden sin kunst- og kulturhistoriske verdi som skal få plass i fellesmagasinet. Musea sjølve avgjer kva gjenstandar ein vil senda. NVIM synest fanene er mellom dei viktigaste gjenstandane i samlinga vår. Sidan Bevaringstenestene også har tekstilkonservatorarar, er det svært tilfredsstillande å senda fanene hit. Restaurering er det likevel ikkje snakk om i denne omgang.

Dei eldste fanene frå Odda er om lag hundre år gamle. Mange er i god stand, medan andre er tydeleg merka av slitasje og hard bruk eller dårleg oppbevaring. Fanene har vore viktige samlingsmerke og uttrykker verdiane i organisasjonen gjennom symbol og tekst på fana. Til faneutstillingane i museet i Tyssedal i 1995 og 1997 samla vi mange opplysningar om dei eldre lokale organisasjonane og fanene. No blir dei tatt skikkeleg vare på og dokumentert med tanke på seinare utstillingar med meir.

 

Tekst publisert 3. okt. 2011: Brita Jordal, fagkonsulent.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no