NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Buelampe

I museet si gjenstandssamling finn vi m.a. ei buelampe. Buelampane besto av elektrisk lysbue mellom to kullspissar. 

Lampa vart tend når straumen slo over mellom to kullstiftar som ikkje kom bort i kvarandre (lysbue). Dette gjorde kullstiftane og lufta mellom dei glødande og sjølvlysande. Temperaturen i lysbuen kunne bli svært høg, opptil 4000 gradar! For å få mest mogleg stabilt lys måtte buelampa vera utstyrt med eit reguleringssystem som heldt avstanden mellom kullstiftane konstant. Mekanismen  måtte og ”starta” lysbuen når lampa vart tend ved å føre kullstiftane sammen ein augneblink og deretter raskt frå kvarandre.

Buelampane kom på markedet frå 1877, og vart mest nytta i fabrikkhallar og verkstadar. Dei ga eit skarpt, kvitt ljos som kunne vera ganske ustabilt. Lampane måtte pussast og kullstiftane byttast ganske ofte. Ein rekna 10-15 timers brenntid for kullstiftparet.

 

Buelamper

 

Lindeanlegget på Odda Smelteverk Lindeanlegget hadde buelampar. Biletet er frå då anlegget var heilt nytt kring 1908. Foto: NVIM arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no