NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Lilletopp - ein tur for heile familien.

Lilletopp - ein tur for heile familien.

Ser du etter fleire turar i området rundt Trolltunga, kan vi anbefale den korte, men spektakulære turen til Lilletopp og Oksla!

"The view is better than on Trolltunga, magic! Much easier and most important; this place is much less touristic."

Yury and Veronica from Izhevsk, Russia

Vår fotograf Dag Endre Opedal har filmet Lilletopp med drone! Lilletopp from NVIM on Vimeo.

 

Denne lille russiske familien koser seg på Oksla. Takk for besøket!

 

 

 

 

 

Lilletopp, Oksla og Sørfjorden ut mot Oksen og Hardangerfjorden. Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

 

Du går ein halv time på stien i historiske omgjevnader- du opplever fantastisk utsikt, kjenner på dei mektige kreftene og dei utopiske draumane som blei verkelege i dei bratte fjella for over hundre år sidan.

Bli med oss i rallarens fotspor opp til vasskraftanlegget i fjellsida. Du får bli med inn i fjellet, prøva deg som rallar, høyra historia om den fantastiske utbygginga og nyta utsikten over Hardangerfjorden og bort på isbreen Folgefonna frå svaberga på Oksla.

Frå vassinntaket i Skjeggedal - Vetlevatn - blei det drevet to tunnelar på 3 430 meter med eit fall på 1:340 og eit tverrsnitt på 9,5 m² gjennom Tyssenuten. I alt 16 tverrslag blei slått ut med handamakt. Arbeidet vart utført av arbeidslag på 6-10 mann. Ved kvart tverrslag ligg store steinurer av utmeisla steinmassar. Tunnelane munner ut i det 4500m³ store fordelingsbassenget på Lilletopp der vatnet gjekk inn i røyrgata på kote 410. Vatnet blei regulert av ventilar som blei åpna og lukka med handamakt fram til 1937. På Lilletopp ligg ventilhuset, endestasjonar for taubane og trallebane, voktarbolig og smie, til saman 12 hus. Stien opp til Lilletopp går langs elveleiet for Toppelva der vatnet gjekk då det blei overløp i fordelingsbassenget eller når det blei tappa for å reinska tunnelane. Fordelingsbassenget har vore tomt sidan 1987. Anlegget er i dag ein del av museet og her er faste omvisingar om sommaren. Hardanger Musikkfest har hatt konsertar i fordelingsbassenget.

 

Eit litt annleis konsertlokale! Film: Dag Endre Opedal NVIM

 

 

 

Røyrgata

Bygginga av røyrgata til Tyssedal kraftstasjon var eit pionerprosjekt i skandinavisk målestokk. Aldri tidlegare var det lagt opp røyrleidningar for så stort vasstrykk og aldri tidlegare i så bratt terreng. Dei to første røyra vart montert i 1907. Dei hadde ei lengd på 730 meter og ei fallhøgd på 410 meter, 60° på det brattaste. Dei tekniske hjelpemidla var ein elektrisk trallebane og tauverk, kjetting og wire. Arbeidarane si einaste sikring var taua som knytte dei saman med arbeidskameratane. I 1910-12 vart det bygd to nye røyr, med noko større diameter. I 1914-15 kom det femte røyret på plass. Dette var verdas største røyr, med øvre diameter på 180 cm, midtre diameter på 150 cm og nedre diameter på 120 cm. Godset i røyrveggen er frå 7-35 mm. Røyra blei levert frå Tyskland og Polen. Arbeidarane måtte bolta seg fast til fjellet eller henga saman i tau. Dei bar på ryggen, dei brukte taljer, skinner, slisking og tau. Dei bygde trallebane langsmed røyra, trapper og enkle taubanar. Det var eit farleg arbeide på snø- og iskledde fjellvegger. Då dei fekk elektrisk kraft, bygde dei spillverk på toppen for å dra opp dei siste røyra. Det femte og lengste røyret blei bygd i 1915.

 

Trallebane ved røyrgata 1907    Bygging av røyrgata   Røyr frå Katowitze

Alle foto: NVIM

 

 

I eit samarbeid med Trolltunga-Active byr museet på ein klatretur langs røyrgata. Her klatrer du i rallarane sine fotspor, godt sikra med klaterutstyr, saman med ein erfaren klatreguide. Passeleg for alle aldersgrupper frå 15 år.

 

Klatrere på fjellveggen

I fjellveggen over Tyssedal. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

På luftig klatretur i fjellveggen over Tyssedal

Klatrarane er snart oppe på Lilletopp. Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

 

 

 

Vetlevatn i Skjeggedal

Vetlevatn er inntaksmagasinet til anlegget Tysso I. Ventilhuset ved inntaksdammen er freda eksteriør og interiør. Det er to 3430 meter lange tunnelar mellom inntaket ved Vetlevatn og fordelingsbassenget på Lilletopp. Jernbetongdemningen er frå 1921-24. Den er 30m lang, 10m høg og 12 breid ved damfoten, 3m ved damkrona. Demningen er bygd som overløpsdam med reguleringsnåler i tre. Nåler gjorde at ein kunne heva vannstanden til kote 415. Overløpet ved fordelingsbassenget på Lilletopp var på kote 415,20. Slik reduserte ein faren for stort overløp fra fordelingsbassenget ned Toppelva, rett ovenfor busettinga i Tyssedal.

 

Inntaksbygg ved Vetlevatn    Inntaksbygget på Vetlevatn. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

 

 Tunnelarbeid på Lilletopp

Tunnelene og fordelingsbassenget ble drevet ut for hånd med feisel og bor og dynamittsalver. Foto: NVIM arkiv

 

 

Fordelingsbassenget

Det ytre fordelingsbassenget på Lilletopp var berekna på å ta i mot vatn frå den første, 8 m2 store tunnelen frå Vetlevatn. Baksida av fordelingsbassenget vart lagt mot fjellsida og framsida var oppmura granitt lagt i betong. Alt under utbyggingsarbeidet viste det seg at vassføringa i Tysso-vassdraget var større enn berekna, og fordelingsbassenget vart bygd 500 m3 større enn prosjektert. I samband med ei stor utviding av produksjonskapasiteten i åra 1914-15 vart fordelingsbassenget utvida endå ein gong. I bakkant av det opphavlege bassenget, vart det sprengt ut eit fordelingsbasseng inni fjellet. Det nye bassenget hang saman med det gamle gjennom to tunnelar, og var tjuefem meter langt, elleve meter breitt og tretten meter høgt. Fordelingsbassenget fekk no ein samla kapasitet på 4500 m3.

 

Omvising i vassmagasinet på Lilletopp Inne i fordelingsbassenget. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Voktarbustaden

Frå 1915-1923 budde heile familien til damvoktaren fast på Lilletopp. I fleire år rundt 1920 budde maskinist Hans Jondahl og familien i voktarbustaden. Sonen gjekk kvar dag til skulen i Tyssedal, og han skal ikkje ha hatt ein einaste fråversdag. Voktaren hadde arbeid knytt til anlegget, og dreiv elles med småviltjakt i fjellet. Familien plukka tyttebær og blåbær i fjellet, og hadde bærbuskar ved voktarbustaden. Dei hadde også eit par geiter, og heldt seg på den måten med mjølk.

Under krigen budde det både tyske og norske vaktar her. Etter dette har det ikkje vore fast busetnad på Lilletopp.

 

Voktarbustaden på LilletoppFoto: Anne Gravdal NVIM    

 

 

 

         Familien Seim foran vokterboligen

Voktarfamilien på Lilletopp. Foto:NVIM

 

 

Blikk ned røyrgata frå knekken

Blikk ned røyrgata frå knekken

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no