NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Industriarkivet

Industriarkivet

Industriarkivet tek imot, ordner og bevarer privatarkiv frå industrien slik at dei vert tilgjengelege for publikum.

Verksemda dokumenterer industrihistoria og medverkar til forsking i arkivmaterialet. Industriarkivet skal utvikla og tilby digitale arkivtenester til næringslivet. Industriarkiv inneheld viktig informasjon om drift, tilsette, endringar og  avgjerder verksemda gjer, og dokumenterer rettar og plikter verksemda har i høve til offentlege styresmakter og andre. Bevaring av privatarkiv er viktig for ein heilskapleg samfunnsdokumentasjon. Tilgjengelege industriarkiv gir tilgong til autentisk dokumentasjon av fortida. Sjølve bygget var tidlegare transformator og fordelingsstasjon for straum på smelteverket. Det vart bygd i 1906-08, utvida i 1913-14. I samarbeid med Odda kommune vart det restaurert og ombygd til arkiv i 2012-13. 

 

På besøk i SINDARK

Industriarkivet på smelteverksområdet i Odda. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

Industriarkivet i Odda, er ei felles satsing mellom Odda kommune og  Kraftmuseet. Det treårige prosjektet (2014-17) var nedfelt i Museumsplan for Hordaland.

Arkivar Siri Jordal med tomme arkivhyller

Siri Jordal med arkivhyller etter opninga då dei venta på å verta fyllte av dokument og arkiv. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Ordfører John Opdal ser på tegninger fra Smelteverkets arkiv

Ordførar John Opdal kikker i tegningsarkivet frå Odda Smelteverk under opninga i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

SINDARK, skalltaket Industriarkivet med skalltaket. Foto: Terje Lægreid

 

 

Oddafirma byggjer om til SINDARK

Oddafirma byggjer om til SINDARK

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no