NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Kraftmuseet

Kraftmuseet er eit kulturhistorisk museum og eit teknisk industrielt kulturminne. Heile anlegget vart freda av den norske riksantikvaren i 2000.

Det ligg i Tyssedal i Odda kommune i Hordaland fylke. Kraftmuseet dokumenterer og formidler Odda og Tyssedal si industrihistorie, og meir generelt historie knytta til elver og vatn, vasskraftproduksjon, elektrisitet, kraftkrevjande industri og samfunnet omkring. 

 

Kraftmuseet sin hovudattraksjon er kraftstasjonen Tysso 1, teikna av arkitektane Thorvald Astrup (1876–1940) og Victor Nordan (1862-1933) i seinhistorisk stil og oppført i åra 1906–1918. Turbinhallen i kraftstasjonen inneheld maskiner, installasjonar og kontrollrom som spenner over ei driftstid frå 1908 til siste aggregat vart slått av i 1989.

 

Tysso I kraftstasjon sett frå vest Kraftstasjonen Tysso 1 nede ved Sørfjorden med røyrgata og anlegget på Lilletopp, 410 meter oppe i fjellsida.

Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

 

AS Tyssefaldene sin gamle administrasjonsbygning frå 1914 finn ein i dag Kraftmuseet sine utstillingar, bibliotek, arkiv, foto- og lydsamling og filmsal der ein viser billetspela «Industrieventyret» og "Industripionerane". Den faste utstillinga, «Det store spranget», handlar om den fyrste fasen av industrialisering i Odda. Utstillinga "Foss" er også ei av dei faste.

Elles finn ein diverse skiftande utstillingar i utstillingslokala og i turbinhallen.

 

Anlegget på Lilletopp, der røyrgata som går ned til kraftstasjonen byrjar, er ope for publikum i skuleferien om sommaren.

 

Arbeiderbustadane i Folgefonngata i Odda og KraftLaben Vitensenter på Lindeplassen i Odda sentrum høyrer også med til Kraftmuseet. Frå 2019 har Kraftmuseet overteke forvaltinga av Lindehuset, som skal verta eit regionalt kulturhus.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no