Odda si industrihistorie er ein del av det norske industrieventyret som starta ved århundreskiftet frå 18-1900-talet.
Vasskrafta frå fossane gjorde at industripionerane la storindustrien til stader som Odda - inst i ein fjord, men med ei isfri havn og store fossar som gav garanti for krafttilførsel.
Etter at Odda Smelteverk AS vart lagt ned i 2003, vart det store området litt etter litt opna opp for publikum. For fyrste gong på nesten hundre år var det mogeleg óg for dei som ikkje arbeidde på verket å bevega seg innanfor portane.
No har oddingane teke Smelteverksområdet tilbake, fleire bedrifter har etablert seg i bygningane som står att, og området er ein stor og viktig del av den nye byutviklinga.
NVIM har i eit samarbeid med Hordaland fylkeskommune, Odda kommune, SNU og Odda Trykkeri, laga tolv informasjonstavler med foto, tekst og QR-kode. Tavlene gjev eit innblikk i kva funksjon desse bygningane hadde, deira plass i heilskapen til Smelteverket. Klikkar du på QR-koden, kan du sjå filmmateriale frå arbeidet som gjekk føre seg i bygningane.
Omvising under skalltaket i samband med det årlege Litteratursymposiet i Odda. Foto: Harald Hognerud NVIM
I god tid til somarsesongen vil det koma brosjyre med kart som viser kvar ein finn tavlene. Denne vil du få hos NVIM, vitensenteret, tenestetorget eller på turistinformasjonen i Odda.
Du kan tinga omvisingar på Smelteverkstomta for små eller store grupper.
Frå ei omvising i samband med det årlege Litteratursymposiet i Odda. Foto: Harald Hognerud NVIM