NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Velkomen til Kraftmuseet

Velkomen til Kraftmuseet

Kraftmuseet er ope heile året, no i skuldersesongen tysdag til fredag frå 10 til 15. Grupper kan tinga besøk utanom opningstid.

Kva får du sjå og erfara om du besøker Kraftmuseet? Kva er historia bak det som i dag er eit museum om vasskraft og industri?

 

Vasskraft i Tyssedal

Grunnlaget for den første vasskraftutbygginga i Tyssedal var den vassrike Tyssoelva med nedslagsfeltet  på fjellplatået Hardangervidda. Dette saman med den djupe isfrie Sørfjorden gjorde det mogeleg å etablera lønsam industri i området. Men sjølv om ein hadde teknologien til kraftproduksjon, var ikkje teknologien for å frakta elektrisitet over store avstandar kjend. Difor måtte industrien byggjast nær straumleverandøren. Det fanst ikkje tomter som egna seg til karbidfabrikk i Tyssedal, men i  Odda var det plass. Og med industrien følgde arbeidsplassar som danna grunnlaget for det nye Oddasamfunnet. Etter kvart som industrien og forureiningane frå den vaks, forsvann turismen. Etter utbrotet av første verdskrig i 1914 stansa straumen av utanlandske turistar, og mange av hotella gjekk konkurs.

 

 

Kraftproduksjon

Vatnet til straumproduksjonen vert samla i magasinene oppe på Hardangervidda og Ringedalsvatnet. Vatnet strøymer med stor fart gjennom tunnel og røyrgate mot turbinane i stasjonen, der det driv turbinhjulet rundt og det slik vert danna mekanisk energi. Turbinen trekk med seg generatoren som er montert på same aksling. I generatoren vert den mekaniske energien omvandla til elektrisk energi. Så vert krafta ført ut på det elektriske nettet og samkjøringsnettet. 

For å få høgspenning må det tilførast magnetisme.

Dette vart gjort i kraftstasjonen Tysso 1 i Tyssedal frå 1908 til 1989. Det var eit pionerarbeid i internasjonal og nasjonal målestokk, og eit viktig kapittel i norsk vasskraft- og industrihistorie. 

Kraftstasjonen var i 1918 ein av Europas største, med ein produksjon på omlag 700 millioner kilowatt- timar pr. år. I 1947 produserte Tyssefaldene AS omlag 10% av den samla kraftproduksjon i landet.

 

Industrien

Før industrialiseringa gjorde sitt inntog, budde 30 personar fordelt på 3 gardar i Tyssedal (1900). Ein gard på kvar side av Tyssoelva nede ved fjorden, ein i Skjeggedal. I 1906 vart ei ny æra i Tyssedal/Odda innleia. Med utbygginga av kraftstasjonen vart området omvandla til eit moderne industrisamfunn. Anleggstida førte til ein enorm migrasjon til staden, og den lokale utvandringa til Amerika avtok. Innan få år slo mange hundre seg ned i Tyssedal og omegn. Dei kom frå heile landet samt Sverige og andre nordiske land.

 

Industrialiseringa var i full gang i Europa, og vasskrafta i Norge lokka til seg energiintensive fabrikkar med trong for enorme mengder kraft. Utanlandsk kapital og norsk eigarskap skapte dei nye industristadene på vestlandet, der befolkninga ofte vart mangedobla.

 

Oddafabrikkane

Oddafabrikkane vart etablert i 1906 som The Sun Gas Company. Fabrikken var ein av dei største karbidfabrikkar i verda då driften starta i mai 1908. 

Etter ein stillstandsperiode på to år, vart verket etablert på nytt med nye eigarar i 1924. Etter det heitte det Odda Smelteverk.

Kalsiumkarbid var produsert av koks og kol som vart smelta i store omnar. Karbiden var viktig for gruvene i England, der kalsium karbid vart nytta til lykter då det gjev eit intenst kvitt ljos. 

Acetylengass vart også produsert av kalsium karbid. Seinare vart det brukt som råstoff m.a. til kunstsilke, plast og medisin. På 1960-talet byrja produksjon av dicyandiamid som kan brukast til m.a. kunstgjødsel, elektronisk industri, fargebinding i tekstiler og sprengstoff.

Fabrikken gjekk gjennom store moderniseringar på 1970-80- talet, og var då ein av dei leiande eksportørane av kalsium karbid i verda. 

På slutten av 1990-talet var den årlige omsetning på ca 350 millioner kroner. Smelteverket ble offisielt erklært konkurs i Hardanger tingrett i mars 2003.

 

På slutten av anleggstida for kraftstasjonen og Tyssedal kraftanlegg vart det bygd ein aluminiumsfabrikk i Tyssedal, Det Norske Nitridaktieselskap(DNN).  Fabrikken vart bygd med norske og franske økonomiske interesser og stod ferdig i 1916.

Fabrikken gav arbeidsplasser til mange, og nye arbeidsfolk kom til Tyssedal og Odda for å få seg arbeid. Den vart lagd ned i 1980, og etter store protester frå lokalsamfunnet, fekk dei regjeringa med på å oppretta eit ilmenitt-verk, som i dag grå under namnet Tizir Titan og Ilmenitt.

Zinkfabrikken på Eitrheimsneset er det einaste sinkverket i Skandinavia, og vart danna i 1924 under namnet Det Norske Zinkkompani A/S, og stod ferdig på Eitrheimsneset i 1929. I dag er selskapet svenskeigd.

 

 

Hjarteleg velkomen!

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no