NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Vegen til Trolltunga

Vegen til Trolltunga

Hardanger opplever god vekst i turismen, og i Odda er veksten eksplosiv gjennom Trolltunga si magnetiske kraft. Men dette er ikkje det første turisteventyret i Hardanger. 

I 200 år har turistar vorte dregne hit, og NVIM lagar no utstilling om det.

 

Utstillinga som opnar 3. juni i Tyssedal, tek for seg Hardanger si reiselivshistorie gjennom foto, film, gjenstandar og tekst. Her kan publikum få sjå keisar Wilhelm sin private økologiske do, ei mengd historiske foto, artige sitat frå reiseskildringar, sjarmerande filmsnuttar frå etterkrigstida. Eitt rom har vi laga til ein romantisk lounge, der ein kan sitja i raud velur og lesa i både relevant og underhaldande litteratur, med høveleg musikk til. Det blir ei utstilling som prøver å ta inn noko av den fargerikdomen turismen er prega av.

 

Plakaten vegen til Trolltunga

 

Her er nokre sitat frå utstillinga, henta frå gamle reiseskildringar:

 

The farmers have as wild manners as appearance.

Bøndene har like ville manerar som utsjånad.

Robert Bremner, Excursions, London 1840.

 

 

The Haringer are in many respects the finer race, possibly owing to the fact that they have had less intercource with the outside world.

Hardingane er på mange vis den finare rase, mogleg fordi dei har hatt mindre omgang med omverda.

A. F. Mockler-Ferryman, In the Northman’s Land. London 1896.

 

Tyssestrengene måla av Sydney Hart

Kunstnarar frå Europa var fascinerte av fossane. Her er Tyssestrengene foreviga av britiske Sydney Hart.

Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Campinglivet på 1960-70 talet

Campinglivet var særs populært på 1960- og 70-talet. Foto: NVIM arkiv

 

 

Utstillinga har både norsk og engelsk tekst.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no