NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Stortingsmennene på Aga til SINDARK

Stortingsmennene på Aga til SINDARK

Ei omfattande brev-, dokument og boksamling etter stortingsmennene og lensmennene på Aga er bevart for av etterkomarane. 

Arkiva etter stortingsmennene på Aga

 

Eigar er Eva Aga Baas, nabo til Agatunet. Arkivet er særleg knytt til far og søner: Johannes Pedersen Aga (1767-1838), lensmann, men og stortingsmann 1818 og 1824, Lars Johannesen Aga (1800- 1889), lensmann 1830- 81 og stortingsmann 1842 og 1845. Hovudmengda av arkivmateriale er etter Johannes Johannesen Aga (1814- 1898), konstituert lensmann i ein periode og stortingsmann 1857-73.

 

Arkiva er mangfaldige og omfattar dagbøker, private og offentlege notat, lovframlegg, brevvekslingar med stortingsmenn, statsrådar, vitskapsmenn innan ulike fag og ei rekkje kjende personar. Her er og kopi av utgåande brev slik at det ser ut til at ein kan danna seg gode bilete av saker og hendingar i tida. Det finst og notat frå komitéarbeid og kommisjonsarbeid, som fattigkommisjonen og forlikskommisjonen. I tillegg rekneskap og oversikt over reiser og reiseutgifter. Blant anna til kroninga av Carl Johan i 1818 i Stockholm, og Carl IV i Trondhjem i 1860.

 

Av private brev kan nemnast ei stor samling av brev mellom mann og kone frå hans reiser og stortingsopphald. Liknande er det ei stor samling brev frå to søner av Johannes J. som emigrerte til Amerika og Australia. Dette materiale omfattar sjømannsliv i fraktefart mellom kontinenta med skipsforlis, gull og edelsteinsgraving, skogsarbeid og farming.

 

Agatunet ser på samlinga som særs verdifull, ikkje minst som kjeldemateriale til Agatunet si historie og menneska som levde på denne tide. Det er og stor interesse for samlinga hjå ulike forskarmiljø.

 

I tillegg til arkivmateriale er det ei svært interessant boksamling på 7-800 band. Samlinga vil Eva A. Baas overføra til Agatunet når ein får på plass sikker oppbevaring der.

 

 

Trygg oppbevaring og registrering av arkiva

 

Arkiva har vore oppbevart heime hjå eigaren, i bustadhus av tre inntil avtalen om deponering i Senter for Industriarkiv (SINDARK) i Odda vart signert i dag. (01.12.2017).   No er dette verdfulle materialet på plass i klimastyrt, brann- og innbrotssikkert arkivmagasin. 

Siri Jordal frå SINDARK og Eva Aga Baas signerer avtalen. Foto: Guttorm Rogdaberg

 

 

Sparebankstiftinga Hardanger har ytt midlar til oppbevaring og registrering, totalt kr 75 000. Birgit Jaastad har gjennom frivillig arbeid gått gjennom og ordna ein del av arkiva, men det står framleis mykje att. Ho har lagt dokumenta i syrefri emballasje, laga arkivlister, transkribert og digitalisert delar av materialet. Birgit Jaastad slektar til familien på Aga og har god kunnskap om familien  - noko som har vore ein stor fordel i arbeidet hennar. Agatunet venelag med Guttorm Rogdaberg har vore initiativtakar til arbeidet og samarbeidd nært med Jaastad og Aga.

 

SINDARK tilbyr arbeidstad til Birgit Jaastad, slik at ho kan fortsetja arbeidet med sortering og tilgjengeleggjering. Der vert det og mogleg med arbeidsplass for andre som vil arbeida med og forska i materialet. Dette vert gjort i samråd med eigaren Eva A. Baas. Arkiva vert, når dei er ferdig ordna, registrert i det nasjonale arkivsystemet ASTA, og publisert for publikum på Arkivportalen.

 

Samarbeidspartar

 

Eva Aga Baas            arkiveigar

Birgit Jaastad             arbeidar frivillig med digitalisering og sortering

Agatunet venelag v/Guttorm Rogdaberg

SINDARK

Agatunet – avdeling i Hardanger og Voss museum

 

 

Siri Jordal tek imot arkivet frå Lars Aga og Guttorm Rogdaberg. Foto: Eva A. Baas

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no