NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Sommar på museet

Sommar på museet

Museet er ope kvar dag kl. 10-17 i tida 4. juni til 3. september. Anlegget på Lilletopp er ope kvar dag kl. 11-16 frå 23. juni til 13. august, og Vitensenteret tysdag-laurdag kl. 11-16 frå 18. juni til 11. august.

Tyssedal og Odda byr på noko for ein kvar smak. Opplev industri- og vasskrafthistoria, bli med på ein tur i anlegga på Lilletopp, besøk arbeiderboligane og vitensenteret, eller kanskje ei byvandring gjennom Odda sentrum er noko for deg? 

I Tyssedal ser du filmen Industrieventyret før du blir med våre flinke guidar på ei omvising inne i kraftstasjonen. Ynskjer du å gå åleine, er det sjølvsagt mogeleg.

 

Faste tider for filmframsyning:

 

10.30: Industrieventyret Norsk 

11.00: Industrial Adventure/ Industrieabenteuer (Eng/Dt) 

13.00: Industrial Adventure/ Industrieabenteuer (Eng/Dt)

14.30: Industrieventyret Norsk

15.00: Industrial Adventure/ Industrieabenteuer (Eng/Dt)

16.00: Industrial Adventure

 

 

I år kan vi også by på den nye filmen til Randi Storaas om Industripionerane!

 

12.30: Industripionerane - Norsk med engelsk eller tysk tekst.

16.30: Industripionerane - Norsk med engelsk eller tysk tekst.

 

Omvisingar:

11.30

13.30

15.30

 

 

Frå kl. 10 til 17 kan du rusla rundt i utstillingane eller i kraftstasjonen. I kaféen kan du nyta nysteikte vafler, smørbrød og ein kopp kaffi. I butikken kan du handla kortreist mat og drykka, lokalhistoriske bøker og kunsthandverk. Litt suvenirar har vi også.

 

Varer i museumsbutikken     Diverse smykker

Lokalprodusert eplesaft, spanande bøker!              Nydelege  smykker.

 

 

Lilletopp

Fram til 13. august er anlegget på Lilletopp ope frå kl.11 - 16, med faste omvisingar kl. 12 og 15.  Etter omlag 20 til 30 minutters vandring på ein litt bratt, men godt tilrettelagd sti som fører deg over 400 meter opp i fjellet, kan du nyta ein storslått utsikt over isbreen Folgefonna, Hardangerfjorden og Odda og Tyssedal.

Anlegget oppe i fjellet heng saman med røyrgata, og tunnelane og fordelingsbassenget som  leverte vatn til kraftstasjonen nede ved fjorden er i dag utan vatn. Du kan bli med inn i dei tørrlagte vasstunellane og prøva deg som rallar med å slå hol i fjellveggen med feisel og bor.

 

Pris: kr. 50,- per person.

 

 

Born hamrar i fjellet med hammar og feisel   Damer i røyr

Unge rallarar i full konsentrasjon. Foto: Harald Hognerud NVIM   Vi går gjennom eit av røyra på vegen ut. Foto: Anne Gravdal NVIM

 

Utsikt frå Oksla innover mot Odda. På svabergene på Oksla har du utsikt over isbreen, Hardangerfjorden og Odda og Tyssedal. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

Vitensenteret

Inne i  Odda sentrum kan du besøka vitensenteret i det tidlegare laboratoriet til Odda Smelteverk. Her kan du leika med vitenting, utforska vatn, elektrisitet og fysikk eller sjå eit show med kjøkenkjemi. Vitensenteret er ope tysdag til laurdag frå kl. 11-16 fram til 11. august. Billett kr. 50,- per person, familie kr. 150,-.

 

Vassleik på vitensenteret

Lag straum av vatn på vitensenteret. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Linedans under opninga av vitenparken I vitenparken kan du spela sjakk eller prøva deg som linedansar. Foto: Dag Endre Opedal NVIM

 

 

 

 

Arbeidarboligane

Den parkliknande hagen som høyrer til boligane er open for alle. Her kan du nyta fine sommardagar innimellom handleturane i sentrum. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

I arbeiderboligane rett over gata for murboligen i sentrum, blir du sett attende i tid. Fira leilighetar er innreda tidsmessig riktig til årstalla 1910, 1920, 1930 og 1950. I filmen Borna på Bakke fortel Bodil og Harald korleis det var å bu i arbeidarhusene og korleis det var å vaksa opp i den nye industribyen Odda i fyrste halvdel av forrige århundre. 

 

Denne omvisinga må tingast på førehand på museet.

Billett kr. 50,- per person

 

VELKOMEN TIL NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM!

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no