NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE
Kraftmuseet
Norsk vasskraft- og industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Reisebrev frå Hardanger

Reisebrev frå Hardanger

Ung engelskmann i bryllaupsgilde på Aga

Den engelske familien Wicksteed var trufaste gjester i Jondal og Hardanger gjennom 5 generasjonar frå 1878, då Professor Philip H. Wicksteed og kona kom til Noreg for fyrste gong.

Prof. Wicksteed var ein kjend litterat i England som m.a. omsette Henrik Ibsen til engelsk. Han var og ein god ven av Bernhard Shaw.

Ein av sonesønene til Philip Wicksteed, Godfred, var lærar ved ein treningsskule i Skottland, der Prins Phillip og seinare prins Charles var elevar. Prins Phillip var med på ein Noregstur som sjøspeidar i 1936. Dei vitja både Sundal i Mauranger, og Jondal.

Vi skal her sitera frå eit brev som son til Philip Wicksteed, Sam, skreiv til syster si Mabel då han var i Hardanger ein sommar. Han hadde eit godt auga til ei av jentene som heitte Anna. Han vart m.a. invitert i bryllaup, og skriv:

 

 

 

Kjære Mabel.                                                                                                                Jondal 9. mai

No er eg her att – det er like hyggeleg som alltid, eller kanskje ein god del hyggelegare.

 

Eg er like hardnakka frisk etter å ha fare via Norheimsund, Eide, Utne og fleire stader til Lofthus, der eg overnatta. Og så gjekk eg meg ein liten morgontur før seremonien i kyrkja. Etterpå vart eg rodd over fjorden til eit to dagars bryllaup på Aga, etterpå fire dagar på Hovland, så tilbakars til Grimo med dampskip (som dei kallar det her inne), rodde så til Utne der eg stansa fire timar, og derifrå med dampskipet hit, så eg er heller utkøyrd.  

 

Eit engelsk bryllaup er svært tamme saker. Det lukkelege paret går til kyrkja og gjev sine lovnader, noko som tek frå eit kvarter til 20 minuttar. Dei går heimatt, seier at dei har ikkje hug på mat, og dermed er det sett sluttstrek.

 

Dette norske bryllaupet var noko heilt anna enn dei engelske. Det lukkelege paret, brura med ein heil juvelbutikk på hovudet, vart rodde over frå Aga til Lofthus med stort fylgje av vener og skyldfolk. Etter landinga nytta kvinnene omlag ein halv time til å stella håret og juvelane sine, medan det lukkelege paret sat på utstilling. Deretter gjekk heile fylgjet opp i kyrkja der dei stogga ein halv times tid. Etter at presten med nedlatande mine hadde mønstra laget, heldt han talen sin, og ein annan mann song ein salme eller noko liknande.

 

Det vil sikkert forundra deg å høyra at då dei kom utatt or kyrkja, var dei svært lystige, gjekk bort i prestegarden og stogga der ei stund før dei rodde attende til Aga og middagen. Anna hadde gjort meg kjend med ein av slektningane sine som tala god engelsk og det hjelpte godt, endå han vart sitjande til bords i eit anna rom.

 

Etter middagen vart eg tiltala av ein fyr som tala engelsk. Han kalla Anna «that girl» (den tausa) ein oppførsel som irriterte meg slik at hadde det vore i England skulle han fått demonstrert kor det kjennest å bli lempa ned trappene. Her ville eg ha kasta han ut vindauga, noko eg kunne ha gjort, om ikkje ein einøygd mann hadde freista å tola meg og tok seg av fyren.

 

Eg gjekk til sengs før klokka åtte, av di eg var trøytt, men og av di det visst var berre eg og to andre som var edru. Anna fortalde meg at dei hadde dansa i fleire timar, og i ti-tida kom ein flokk ubodne gjester, utkledde i rare kostymar og dansa «the harling».

 

Neste dag henta Anna meg til frukosten, og etterpå gjekk me saman med den mannhaftige (eg kan ikkje finna betre uttrykk) Nanny ut til ein stein som kling som ei kyrkjeklokke når me bankar på han med ein stein.

 

Til middag var det kokt torsk, flatbrød og konjakk, så eg gjekk straks frå bordet og sa til meg sjølv; for ein ekkel middag! Å eta flatbrød kan minna om nitrogen; det vil ta smaken ut or munnen din på ein fin måte. Eg kan ikkje finna at det har annan effekt enn å vera godt for tennene.

Anna redda meg då ho henta meg inn til kaffi, tre egg, kaker, brød og friskt smør. Den gleda og takksemda eg då kjende ville vorte det siste halmstrået om eg hadde vore 10 år eldre; det ville ha vore alvorleg fare for at ville ha blitt ein av desse skurkane som ektar norske damer.

 

Etter me hadde sett på dansen enno i fire timar, vart me rodd over til Hovland. Anna og moster hennar var med, og maskuline Nanny sat på tofta bak dei, av utsjånad som ein vakker mann. Anna sa, som sant var, at eg reint gløymde å nyta utsynet over fjorden. Eg var tenkt å seia at eg likte best det som var å sjå i båten, men av ein eller annan grunn vart det usagt.

 

Me fekk reinsdyrkjøt den fyrste dagen på Hovland, og eg lika det godt. Men eg var ikkje svolten, så eg sa nei takk til ny påfylling. Eg har i alle mine dagar ikkje sett nokon som har vorte så forundra som tanta til Anna då. Eg er viss på at ho ville ikkje ha vorte meir støkt om eg hadde sagt på flytande norsk at eg var bestefaren hennar. Ho stirde fyrst på meg, såg på kjøtet, og så på Anna for å få ei forklaring. Og eg var nær ved å sprikka.

 

På Hovland er ein onkel som har ein ullvarefabrikk. Han er no lens for ull på grunn av Hull-streiken. Eg likar han godt. Anna og fru Utne seier at det er grunn til å gratulera meg, for det er ikkje kven som helst han innlet seg med.

Eg vil sluta her, då brevet svarar pålag til frimerkeverdien.

Sam

 

 

Redigert klipp frå Hardanger Historielag sitt tidsskrift Hardanger, årgang 1976. Forfattar Olav L. A. Eide

 

 

 

 

 

Bryllaup Bryllaup på Tokheim på 1800-talet. Foto: Knud Knudsen NVIM arkiv

 

 

Bryllaup

Bryllaup i Odda i 1912. Gunnar og Synneva Sandvin. Foto: NVIM arkiv 

 

 

Skotring i eit bryllaup Skotring i eit bryllaup i Skare i 1958. Foto: NVIM arkiv

 

 

 

Sjå utstillinga Vegen til Trolltunga om turismen i Hardanger på museet i Tyssedal.

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no