I kraftstasjonen kan ein mellom anna sjå utstillinga "Norsk Vasskraft", som spenner opp lange linjer gjennom vel 100 år med norsk vasskraft, frå panikklover og pionertid til kraftsosialisme og Monstermaster i Hardanger. Gjennom ord og bilete får publikum forteljinga om eit vasskrafteventyr formidla på ein effektiv og interessevekkjande måte.
Utstillinga er grafisk utforma av designbyrået Garp og du finn den i nordenden av stasjonen.
Små og store besøkande har glede av utstillinga. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet
Hjarteleg velkomen til Tyssedal!