Du er her:
  • Odda Bibliotek - "Biblis"

Odda Bibliotek - "Biblis"

Odda Folkeboksamling vart stifta i 1840 og fekk statsmidlar frå 1888. I 1904 bestod boksamlinga av 465 bind og vart oppbevart i kirka, der også utlånet føregjekk.

Frå 1913 engasjerte bibliotekar Gjert Haga - opprinneleg snikkar - seg sterkt for boksamlingane i Odda.

I 1904 vart samlinga overflytta til eit lite rom i gamleskulen, og opningstida var ein time per veke, frå 10 til 11 på sundagar. I 1912 blei gamleskulen revet då folkeskulen på Bakka stod ferdig, og boksamlinga vart flytta til eit rom i Folkets Hus. Opningstida vart utvida til to gonger per veke; søndagar frå 13 til 14 og onsdagar frå 19 til 20.

 

Odda Smelteverk anleggstida. Bygda, gamleskulen Gamleskulen i Odda på bøane bak dei nye Oddafabrikkane. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Folkets Hus i Odda rundt 1920. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Då storindustrien kom til Odda frå 1906, auka interessa for bøker. Og etterspurnaden etter eit leseværelse var stor. Odda Arbeiderparti hadde ei eiga boksamling på omlag 400 bind som dei i 1919 fekk slå saman med folkeboksamlinga mot at dei oppretta eit leseværelse. Same år flytta det som no var ei samla boksamling til Odda rådhus - tidlegare Hotel Hardanger - i eit større lokale. Grunna krisetidene på fabrikkane i 1920-åra, vart ikkje leseværelset oppretta før i 1927. Då hadde formannskapet innvilga dei naudsynte midler til ei heil bestyrarstilling, anskaffing av tidsskrifter og aviser i tillegg til eit par hundre bøker.

Ein bibliotekar frå Rjukan vart henta inn for å ordna boksamlingane, som i Odda no var kome opp i 2000 bind. Utlånet auka då dei sette opp utlånstida frå 2 til 12 timar per veke.

 

Hotel Hardanger og to båtar ved kaia i Odda Hotel Hardanger (h.)  vart rådhus i Odda i 1917. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Samstundes vart det også oppretta bibliotek i Tyssedal, med bøker frå bedriftene DNN og AS Tyssefaldene sine boksamlingar - omlag 800 bind. Biblioteket fekk gratis lokale i Storhotellet av DNN og gratis straum frå AST i tillegg til eit årleg tilskudd på kr. 200 frå kvar av bedriftene.

Også i Skare hadde dei ei boksamling, og det vart oppretta utlånsstasjonar på skulane på Digranes, Hildal og Jordal. Dei fekk tilsendt kassar med bøker, noko også sjukehuset og gamleheimen fekk.

 

I Norge fantes det eit folkebibliotekvesen som hadde som oppgåve å gjera det mogleg for alle å ha fri adgang til bøker og beslekta materiale. Henrik Wergeland var ein av dei "driftige agentane" i "Selskapet for Norges vel" som var med på å oppretta boksamlingar i heile landet i 1830-40 åra.

 

I åra fram mot 1937 vart boksamlinga i Odda auka til omlag 4000 bind, bibliotekar Gjert Haga gjekk frå ei halv til ei heil stilling, og opningstidene vart utvida til kvar virkedag. I krigsåra steig utlånet kolossalt i biblioteka over heile landet. I Odda vart boksamlinga heilt nedslitt. Etter 37 år som bibliotekar i Odda, gjekk Gjert Haga av i 1950 og fekk tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv for sitt arbeid. 

 

 

Gjert Andreas Haga (1873-1960). Foto: Kraftmuseet arkiv

 

I 1949 vart det tilsett ny sjefsbibliotekar - Dordei Nesheim Raaen - som kom frå det Deichmanske Bibliotek i Oslo. Raaen hadde si utdanning frå Statens Bibliotekskule, og ho var den fyrste fagutdanna bibliotekaren som vart tilsett i ein landkommune.

Då ho kom til Odda, var biblioteket på 100 m2, men etter sterk lobbyvirksomhet frå Raaen, vart biblioteket tildelt 750 m2 i det nye rådhuset. Her vart det lesesalar, barneavdeling og studierom, og tala for utlån auka rasant.

 

1957 vart Odda nye rådhus opna, med nye store lokaler til biblioteket, eiga avdeling for barn og ei tredobling av personalet. Bibliotekar Dordei Raaen hadde teke over som leiar etter Gjert Haga og utvikla Odda bibliotek til eit av dei beste i Norge. Ho hadde hovudfokus på barn og unge, og oppretta utlån av musikk og kunst. Artoteket der ein kunne låne kunst i omlag eit halvt år, er Dordei Raaen si forteneste.

 

Dordei Nesheim Raaen gjekk av med pensjon i 1983, og i 2015 vart ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sin innsats for biblioteket.

 

Dordei Nesheim Raaen, tidl. leiar på Odda bibliotek Dordei Nesheim Raaen (1921- ). Foto: Jan Gravdal Kraftmuseet arkiv

 

 

Margarethe Langfeldt tok over som biblioteksjef i 1984. Langfeldt hadde arbeidd saman med Dordei Raaen sidan ho søkte på og fekk stillinga som leiar for borneavdelinga i 1971. I 1962 hadde ho vore praktikant på biblioteket i Odda før ho tok utdanninga si på bibliotekskulen. Langfeldt hadde stor tru på og arbeidde sterkt for eit samarbeid mellom arkiv, bibliotek og museum (ABM). Randi Bårtvedt starta med Industristadmuseet i lokaler i kjellaren på Odda bibliotek. Biblioteket i Odda var tidleg ute med PC og spill som barn kunne få bruka.

 

Grunna innsparingar i det kommunale budsjettet vart stillingar kutta, og barneavdelinga vart flytta opp til, og lagt saman med vaksenavdelinga rundt år 2000.

 

 I 2005 gjekk Margarethe Langfeldt av med pensjon. Siri Jordal var konstituert biblioteksjef i ca. eitt år, før danske Kåre Langlet fekk stillinga som ny biblioteksjef.

 

Langlet slutta i 2008, og biblioteket i Odda hadde vore utan sjef i litt over eitt år då Else Marie Sandal tok over i 2009. Sandal er utdanna adjunkt med bibliotekfagleg utdanning i tillegg. I 2018 er det framleis Sandal som er biblioteksjef på Odda bibliotek.

 

 

Margarethe Langfeldt i 1981 Margarethe Langfeldt med eit nytt EDB-system(?) i 1981. Foto: HF Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Sitat frå Knut Olav Åmås - direktøren for Fritt Ord og odding:

"Oddas biblioteksjefar Dordi Raaen og Margrethe Langfeldt har beredt grunnen for meir sosial mobilitet i Odda enn fagforeningene på hjørnesteinsbedriftene. Reis ein bauta for bibliotekaren og fjern den som smelteverksdirektørane har fått".

 

 

Sitat Frode Grytten:

 "Hennar ry får meg til å tenka på at ho er ein blanding av Mick Jagger og Mor Theresa. Dordei Raaen var ein pønkar". 

 

Odda Bibliotek

Bibliotekassistent Lina Fadnes Jordal. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

 

 

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no