Du er her:
  • Ledig prosjektstilling

Ledig prosjektstilling

Kraftmuseet i Tyssedal/Odda lyser ut ei 2-årig 80-100%  PROSJEKTSTILLING KULTURHISTORIE

Vi søkjer ein språksterk og fagleg dyktig person til to spennande prosjekt vi skal i gang med:

 

- Ny digital kulturhistorieplattform - eit prosjekt i Norges vassdrags- og energidirektorat si museumsordning (60%)

- Deltidsarbeid i eit nordisk perspektiv - eit prosjekt i Nettverk for arbeiderkultur og arbeidslivshistorie (20-40%)

 

HOVUDARBEIDSOPPGÅVER:

 

- Arbeida fagleg med tematikken i dei to prosjekta, ved å produsera nytt materiale og leggja arkivmateriale til rette for digital formidling

- Formidla innhald frå prosjekta munnleg og skriftleg, inkl. på digitale plattformer

- Samarbeida tett med NVE si museumsordning og Nettverk for arbeiderkultur og arbeidslivshistorie, og forankra prosjekta i Kraftmuseet sin organisasjon

 

DU:

 

har utdanning på minimum masternivå eller tilsvarande, innan historie eller andre relevante fag

- trivst med å arbeida både sjølvstendig og i team

- er god på formidling, både munnleg og skriftleg

- er systematisk og strukturert

- har god digital kompetanse

 

Vi tilbyr:  


Fleksibel arbeidstid, løn etter kvalifikasjon og pensjonsordning i KLP.

 

 

Spørsmål kan rettast til direktør Knut Markhus, tlf. 93 22 52 43 eller administrasjonsleiar Mette Haraldsen, tlf. 48 13 71 16
Søknadsfrist 3. januar 2019. Send søknad med CV og referansar til: post@kraftmuseet.no eller Kraftmuseet, Naustbakken 7, 5770 TYSSEDAL

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no