NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE
Kraftmuseet
Norsk vasskraft- og industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Kulturminnekonferanse i kraftkatedralen

Kulturminnekonferanse i kraftkatedralen

Synst du teknisk-industrielle kulturminne er spennande og er du interessert i dokumentasjon av kulturminne og kulturhistorie?

Då er DOKIVER 2018 – Hvorfor kulturminnedokumentasjon?- konferansen noko for deg!

Den finn stad onsdag 19. og torsdag 20. september i Tyssedal.

 

Kva skjer?

Omgitt av vakker natur og perler frå tidleg vasskraftutbygging vil vi diskutera kva samfunnsnytte dokumentasjon av tekniske og industrielle kulturminne har og sjå på korleis musea brukar denne ressursen.

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Kraftmuseet og Hordaland fylkeskommune samarbeider om å løfta viktigheita og synligheita av tekniske og industrielle kulturminne. Gjennom konferansen får du både fagleg teoretisk påfyll og demonstrasjon av ulike dokumentasjonsmetodar. Om du er nysgjerrig på korleis du kan formidla og dokumentera kulturminne ved bruk av digitale hjelpemiddel og opne data, så ta turen til Tyssedal.

 

Du kan lesa meir om konferansen og melda deg på her:

DOKIVER-2018

 

Tysso I kraftstasjon sett frå vest Kraftanlegget Tysso I ved Sørfjorden i Hardanger. Foto: Dag Endre Opedal, Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no