NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Kongeleg besøk!

Kongeleg besøk!

Tysdag 18. juni vitja kong Harald og dronning Sonja Odda, Tyssedal og Kraftmuseet. Sjå bileta her.

Kraftmuseet og kraftstasjonen Tysso 1 var arena for ein kongeleg middag denne junikvelden. Kongen og dronninga hadde vitja Odda før på dagen, då dei gjekk i land i eit festpynta Odda til jublande menneskemasser.

 

Dei hadde kome seglande inn fjorden med kongeskipet Norge som ankra opp i Oddapollen før ein sjalupp tok kongeparet til landgangen. Ordførar Roald Aga Haug overtok vertskapsrolla og viste byen fram til dei kongelege før det offisielle besøket vart avslutta med ei flott forestilling i Almerkeparken. Seinare reiste kongeparet til Tyssedal for å nyta ein flott middag laga av lokale råvarer ved Tyssedal Hotel.

 

Det var ein historisk dag for Odda, og det var ein historisk dag for Kraftmuseet.

 

Kongeskipet Norge på veg inn Sørfjorden Kongeskipet Norge på veg inn Sørfjorden tysdag 18. juni 2019. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

Kongeleg besøk i Odda Kongeskipet har ankra opp i Oddapollen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Sjaluppen med dei kongelege på veg mot landgangen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Kongen og dronninga går i land. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Dei kongelege helsar på ordførar i Odda, Roald Aga Haug. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Kongen og dronninga får blomar når dei kjem. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Kongen og dronninga på veg ned gågata i lag med ordførar. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Kong Harald og dronning Sonja helsar på folket. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Feststemning under teltet i Almerkeparken. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Medan museumsdirektør Knut Markhus vart intervjua av NRK....... Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda ...kom dei kongelege køyrande i limousinar langsmed kaia. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Media var på plass då kongeparet steig ut or bilen. Foto: Harald Hognerud, Kraftmuseet

 

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Inne i kraftstasjonen venta dei inviterte middagsgjestene på at kongeparet skulle koma. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Kongeparet med fylgje vert motteke av Kraftmuseet sine tilsette. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Hans Majestet kong Harald V viste stor interesse for Odda si industrihistorie, her fortald av ordførar Roald Aga Haug. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Hennar Majestet dronning Sonja sat saman med fylkesmann Lars Sponheim. Foto:Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Dronninga var imponert over kva museumsdirektør Knut Markhus kunne fortelja om Odda si industrihistorie. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Kongeleg besøk i Odda Den kongelege limousinen framfor kraftkatedralen Tysso 1. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no