Du er her:
  • Jubilanten M/Y Tysso

Jubilanten M/Y Tysso

Motoryacten vår M/Y Tysso er hundre år i år. Du kan bli med om bord under Hardanger trebåtfestival, eller leiga deg ein eigen tur!

Under Hardanger trebåtfestival kan du vera med på ein times tur på fjorden med museet sitt flytande smykke. Museumsdirektør Knut Markhus held historisk kåseri om bord. Turane går 17. juni, med avgangar frå festivalområdet kl. 11, 12.30 og 14.30. Pris kr. 150,- (Obs kun 12 passasjerplassar. Booking: post@nvim.no).

 

Vidare utover sommaren er det råd å leiga seg tur på fjorden, og dette er verkeleg ei eksklusiv oppleving høveleg for mindre grupper. Kontakt museet for meir informasjon.

 

M/Y Tysso på veg mot kraftstasjonen M/Y Tysso på veg mot  kraftstasjonen Tysso I. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no