NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Jolatre frå Voss

Jolatre frå Voss

Margit Rokne Digranes fortel om oppveksten i murboligen i Odda.

Vi fekk alltid jolatre frå Voss, for der budde bestemor og bestefar. Før så var det ikkje ein gong veg til Tyssedal, alle varer kom med båten. Til Voss gjekk det jo ikkje båt, men dei sende jolatreet til Granvin, og så gjekk det med båt derifrå og til Odda. Og me gjekk kvar dag i ei veke og venta på dette jolatreet.

 

”Å, nei, det er ikkje kome”, sa ein som heitte Bårda-Lars, han arbeidde på kaien. Kvar einaste dag sprang me ned med det same me kom frå skulen, men nei, det var ikkje kome. Like til Vetle-julaften gjekk me, då grein me då treet endå ikkje var kome.  

"Det kan koma i morgon", sa Bårda-Lars, det kjem ein båt i kveld, og då får de treet på jolafta. På jolafta då var me jo fri frå skulen så då sprang me ned med ein gong.

 

Men nei, ikkje noko jolatre!

 

Me vart lange i fjeset igjen, veldig bedrøva, og fortalde det til mor og far, og så sa far: ”Eg skal gå opp i Bygda til Bonden der og spørja om vi får hogga eit tre.” Det var ein stor gard i Bygda før, der som det er mange hus no, og der budde ein mann som vi kalla for Bonden, det var han som åtte skogen oppover der med Hestavoll.

 

Jau, då, så skulle far få lov til å finna seg eit tre på jolafta, men han måtte ikkje ta gran og ikkje fure, han skulle få lov til å ta ein brake. Så kom han heim med braken, han var jo litt smal og litt fin, men det var jo ikkje jolatre! Me var så skuffa, men når vi ikkje hadde noko anna så måtte me pynta braken, og det gjorde me.

 

Me var akkurat begynt å pynta, då banka det på døra, og der stod Braka-Lars, han som arbeidde på kaien, med eit fint jolatre. Det hadde kome likevel, det hadde blitt ståande i Tyssedal, dei hadde lossa det feil, og så kom det ein mann roande med det til Odda. For han syntest det var synd at vi ikkje skulle få det til jolafta. De kan tru vi var glade!

Og det var ikkje berre jolatre. På treet var det hengt ein pakke og så fylgde det med eit par ski, og det var presang til alle saman. Det var det fyrste skiparet me hadde hatt, og det skulle alle me ungane eiga saman.

 

Familien Rokne feirer jul i 1911 Familien Rokne feirer jul. Margit Rokne Digranes som lita jente. Foto: NVIM arkiv

 

Me stod på ski i Bygda, der var ein liten, fin bakke. Men det var den jolafta ja. Me skulle akkurat til å ta pynten av braken, men då sa mor mi:

”Tenk på dei Hauge, som bur under oss. Dei har jo ikkje jolatre dei!”

Dei hadde mist mor si dei, i spanske sykja, og faren hadde ikkje nokon til å stella for seg, og så hadde han fire born, og han hadde ikkje tid til å laga til noko jol. Så den braken som me hadde pynta, den gjekk me ned til dei med. Og det fine jolatreet som kom frå Voss, det pynta me. Og så vart det jol både hos Hauge og hos Rokne.

 

Perlebandet

Den same jola fekk me mykje fint. Eg fekk eit perleband, og det hadde eg aldri hatt før. Men så var det mange fæle ungar då og. Me skulle ut og skotra, slik som de gjer på nyårsafta, putlaskatt seier de. Når me var små så gjekk me kvar kveld frå 2. joledag.

Så var det nokre gutar som budde i oppgangen ved sida av. Dei var litt fæle, dei erta oss jenter. Og ein kveld me skotra så kom dei og reiv perlebandet av meg, og pang så låg alle perlene i snøen. Då vart eg veldig lei meg, det kan eg aldri gløyma for perlebandet var så fint.

 

Sigrid Rokne Digranes til høgre på skitur med Valborg Gravdal Engesæter Sigrid Rokne Digranes (til høgre) på skitur med Valborg Gravdal Engesæter. Foto: NVIM arkiv

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no