NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Gledeleg melding frå fylkeskommunen

Gledeleg melding frå fylkeskommunen

1,4 millioner over 3 år går til utviklinga av eit Knud Knudsen senter, 250 000 kr. til til å ta vare på og gjera Boliden-arkivet tilgjengeleg.

I sitt tilsagn skriv fylkeskommunen fylgjande:

 

Kulturelt utviklingsprogram – KUP fordelte om lag 6,6 millionar til 22 prosjekt. Desse vart plukka ut blant 55 søknader. Den største løyvinga gjekke til KRAFTMUSEET - NORSK VASSKRAFT- OG INDUSTRISTADMUSEUM i Odda/Tyssedal. Dei skal etablere eit senter kring fotografen Knud Knudsen som ein del av museet. Dei fekk ei løyving på 1,4 millionar over 3 år.

Arkivet etter Knud Knudsen (Universitetsbiblioteket i Bergen) er tatt inn i Norges dokumentarv (UNESCO sitt verdsminneprogram). Den store fotoproduksjonen til Knudsen har vidtrekkande digital formidling, men det har mangla ein fysisk arena som presenterer arbeidet – og dette vil dei etablere i Odda der Knudsen kom frå.

 

Mottak av Knud Knudsen arkivet på Tokheim i Odda i 2016 Ein del av arkiva etter Knud Knudsen som vart deponert i Kraftmuseet sitt industriarkiv i 2016. Det er i familien på Tokheim sitt eige. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Om løyvinga til Boliden-arkivet heiter det:

 

Vel 4,5 millionar kroner skal Hordaland fylkeskommune bruke til å gje musea eit løft. Utval for kultur, idrett og regional utvikling har fordelt pengane på 10 ulike prosjekt. Målet er å styrke musea og vidareutvikle dei som sterke kunnskapsentra og profilerte samfunnsaktørar som utviklar samfunnet med kunnskap om fortid, notid og framtid. 

 

Fem formidlingsprosjekt får pengar: Baroniet i Rosendal får 100 000 kroner til ny digital utstilling, KODE får 625 00 kroner til ny kai på Lysøen, Kraftmuseet (NVIM) får 250 000 kroner til å ta vare på og gjere Boliden-arkivet tilgjengeleg, Museum vest får 525 000 kroner til portal til Det Nye Hanseatiske Museum – Midtbygget på Bryggen, og Sunnhordland museum får 300 000 kroner til tredelt satsing på maritim industrihistorie.

 

Norzink Eitrheimsneset i 1928

Eitrheimsneset og den nye zinkfabrikken i 1929. Foto: Natalie Lubowidsky, Kraftmuseet arkiv

 

Kraftmuseet er takknemleg for dei løyvde midlane frå fylkeskommunen sitt kulturelle utviklingsprogram. Vi skal entusiastisk jobba vidare med utviklinga av eit Knud Knudsen-senter og gjera Boliden-arkivet tilgjengeleg. Ein viktig del av Odda si rike industrihistorie.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no