NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Eit hotel i særklasse.

Eit hotel i særklasse.

Hotel Hardanger på strandstedet Odde i Hardanger 

Dei reisande som kom til Odda på byrjinga av 1800-talet ville sjå den ville, golde og rå naturen, som opp til 1700-talet hadde vore betrakta som stygg. På midten av 1700-talet byrja intellektuelle kretsar i Tyskland og Frankrike å tenka nytt - kultivert natur og menneskeskapte hagar var ikkje lenger så etterspurd, no var det den ville naturen som appellerte til dei indre kjenslene – det var viktig å bli grepet av det som var ubegripelig.

 

Kunstnarar og vitskapsmenn begav seg ut på oppdagingsreiser til Norge, der landskapet vart betrakta som ei eksotisk ødemark. Her fann kunstnarane alt det som den romantiske epoken tørsta etter; frodig natur, spektakulære fjell, isbre, fossar, vatn og fjord. Spesielt Odda og Hardanger var eit av dei sublime naturstadene som skulle tiltrekka seg folk.

 

Buerbreen måla av Thomas Hart Britiske Thomas Hart var ein av kunstmålarane som var mykje i Odda. Her eit måleri av Buerbreen. Kraftmuseet arkiv

 

Dei første som kom - pionerturistane i 1830-40 åra -  sette fart i turismen til Norge. I reiseskildringar skreiv dei om alt frå geologi og botanikk til historie og kultur. Dei skapte forventningar om vill og vakker natur og eit fargerikt folk i harmoni med landskapet.

 

Reiselysten som oppsto gjorde at dei reisande ofta oversåg vanskane med framkomst og passeleg losji. På denne tida fanst det ikkje hotell i distrikta, berre skysstasjonar med enkle forhold.

 

Skysstasjon på Seljestad. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

 

I Odda hadde det vore ein gjestgjevarstad i Kremargarden allereie frå 1667, med skiftande eigarar fram til 1845, då alle husa i Kremargarden brant ned. Dette hadde vore ei mørk og skiten skjenkjestove, og både bygdefolk og kommunestyret meinte at det var godt at det gamle rasket var vekk.

 

Fleire søknader om ny gjestgjevar i Kremargarden vart frarådd innvilga av kommunen, men styresmaktene meinte at det var trong for ein landhandel og eit herberge i Odda.

 

I 1848 fekk sorenskrivarkontorist Carl Monsen frå Larvik kongeleg løyve til å driva landhandel. Til landhandelprivilegiet fylgde plikt til å ta mot reisande. Monsens Hotel vart som første hotel sett opp nede ved sjøkanten i Odda. Til å driva hotellet hadde Carl Monsen med seg kona Inga Margrethe frå Bergen. Dei fleste som overnatta her, var fotturistar som kom gjennom Odda på veg frå Oslo eller Stavanger til Bergen, og hotellet fekk gode skussmål, der spesielt maten og dei gode sengene ofta vart nemnde.

 

 

Monsens Hotell i Oddapollen Monsens Hotel i Oddapollen kring 1850. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

 

Carl Monsen dreiv og postopneriet, der ein utru handelsbetjent frå Bergen gjorde underslag. Han forsvann med båten til Bergen og derifrå vidare til England, der han nokre år seinare vart funnen ihjelfrossen i ein av parkane i London. Hendinga med underslaget førde til at landhandlar Monsen i 1873 vende attende til Sveio, der han vart lensmann før han i 1882 drog med familien sin til Amerika.

 

 

Då dampskipsferdsla frå Bergen starta i 1861, tok turisttrafikken til for alvor. Odda var ikkje lenger ein stad å overnatta på gjennomreise, no var Odda blitt sjølve målet for reisen.

 

Det vart snart bygd fleire hotel i Odda. Bård Aga bygde Agas Hotel i 1861. Lars Vetrhus kjøpte Monsens Hotel i 1868, bygde på det og kalla det Wetterhus Hotel. I 1868 kom også det tredja hotellet i Odda då Ola Håvardson Prestegaard bygde Prestegaards Hotel nord for Vetrhus sitt. Dette vart i 1880 utvida til eit to-høgda bygg med veranda langs heile fasaden mot vest. Prestegaards Hotel vart seinare Grand Hotel.

 

 

Wetterhus Hotel i Odda kring 1870 Vetrhus eller Wetterhus Hotel i Odda kring 1880. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

I 1882 vart Vetrhus Hotel seld til brørne Svein og Mikkel Tollefsen som fekk kapitalhjelp frå den engelske professoren dr. theol. Theodor Boyd, som hadde eit nært forhold til Odda.

Svein Tollefsen var ein dyktig hotellmann, og hotellet han bygde var stort og moderne og stetta dei krav engelske turistar stilte til komfort. Hotellet var ferdig i 1887 og fekk namnet Hotel Hardanger. Det nye hotellet var eit sersyn.

 

Det fyrste Hotel Hardanger i Odda Det første Hotel Hardanger i Odda (1887-1895). Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

 

Kunsthistorikaren Johan Bøgh gjev ei reiseskildring av hotellet i 1887, der han skriv:

"Det er en overraskelse at blive installert i et hotel som virkelig bar dette navnet med rette. Inredningen var praktisk og grei. Lange gange med værelser paa begge sider, brede korridorer som forbandt fløibygningen med hovedbygningen, og udenfor rommelige glasverandaer til gjæsternes behageligheder.Værelsene var enkelt men net utstyrede efter engelsk forbillede. Lange, brede senger af jern eller træ, harde madrasser og bløde, ulne tæpper. Store vaskevandsfad som rommer hele hovedet - og forøvrig et bord, nogen stoler og en høi kommode, alt i lyst træ. Dessuten findes en imponerende spisesal hvor der kan sidde henved 70 gjæster tilbords. Da denne gaar gjennem to etager, er den i tillegg høi og luftig. En liden salon i underetagen var udstyret noksaa pent med moderne møbler samt pianoforte."

 

 

Svein Tollefsen var ugift, så han tilsette Sofie Simonsen frå Mølstervåg på Sveio som oldfrue, vertinne og husmor.

Svein Tollefsen vart alvorleg sjuk, og då han merka at sjukdomen tok meir og meir overhand, skreiv han til broren Mikkel og bad han koma heim og hjelpa han. Mikkel kom, og i 1885 gifte han seg med oldfru Sofie Simonsen. Då Svein Tollefsen døydde i 1889, berre 38 år gamal, gjekk hotellet over til broren Mikkel og fru Sofie.

 

Familien Tollefsen og Almerket Sofie og Mikkel Tollefsen med sonen Theodor og foreldra til Mikkel; Marta og Tollev Almerket. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Mikkel hadde reist til sjøs og vore ein del i Amerika. Hotelrøynsle hadde han såleis ikkje, og han la seg heller ikkje mykje borti forretningsdrifta. Det var helst vertskapsplikter som fall på hotelleigaren sjølv, som var språkmektig etter åra som sjømann. Svogeren Theodor Simonsen stod for administrasjonen av den store verksemda som hotellet etter kvart vaks opp til. Fru Sofie Tollefsen hadde ansvaret for den indre administrasjonen og var ei høgt respektert dame. I Odda gjekk ho under namnet "Fruen" eller "Fruo". Theodor Simonsen var bror til Sofie, og var i røynda hoteldirektør. Det var han som hadde alle trådar i si hand når det gjaldt å få heile apparatet til å fungera knirkefritt.

 

 

Vidare i Johan Bøgh si reiseskildring heiter det:

"På hotellet var det et as og mas i alle ganger og på alle altaner, en pludren på engelsk, tysk og fransk, en løbning med kofferter og en ringing på elektriske klokker. De opvartende piger i hardangerdragt beveget seg i denne tunnel så raskt og stille som de havde været hotelltjenere av fag. Det lod til at alle forstod engelsk, for jeg merket ikke at nogen af dem stod fast for svar når de i ganger og trapper tiltaledes av en englænder.

Efter theen som serveredes efter middagen, som her på engelsk vis indtages kl.19, spaseredes i den milde, halvmørke augustaften ude mellem husklyngene. Det var et liv der ude som på en stor promenade. Damer og herrer vandrede i klynger frem og tilbage under livlig samtale og friskklingende latter, eller dæmpet sang lød nu og da fra de forskjellige grupper.

Llidt efter lidt vendte de promenerende tilbage til hotellet, og snart fyldtes altanerne og de hyggelige af måneskinnslamper oplyste glasverandaer af de forskjellige grupper som slog seg ned rundt omkring for endnu en stund at nyde den milde augustkveld. Men hverken naturens dystre storhet eller dens vidunderlige stilhed dæmpet de reisendes livlighed. Samtalerne føres med usvekket kraft. Reisehåndbøgerne rådspørges, førere til Skjæggedalsfossen antages, skyds bestilles - alt sammen under et forvirret akkompagnement af latter, sang, elektriske klokker, hestevrinsk og korkeknald når selterflaskene åbnes.

Næste morgen er situasionen en helt anden. Stolkjærrene stod for døren til den bestilte tid, og foran, den lille brune hest som uafladelig spidset ører for den mindste lyd. Den så sig ofte tilbage som om det ikke snart blev alvor af det. Dette så lovende ut. En kvik hest er mindst ligeså prisværdig som en magelig kjærre når man en hel dag er givet dens luner i vold. Der hersket stor travelhed i hotellet. Englænderne skulle afsted, hver til sin kant. En flok havde bestemt sig for Buerbræen og havde i den anledning anlagt tindebestigerkostumer og forsynet sig med veldige pigstaver som de havde kjøbt i dyre domme for denne lille udflugts skyld. De så ud som om de skulle bestige Mont Blanc.

Ander skulde til Skjæggedalsfossen. Deres omhyggelig indpakkede fotografiapparater blev båret ned i bådene som lå færdig til udroning nede ved bryggen, mens de selv stavrede afsted i deres jernbeslæede støvler og bælteforsynede turistjakker, knappet forsvarlig sammen lige til halsen. Ud af de mange lommer som var anbragt på de utroligste steder af deres antræk, struttede reisebøger, karter, snadder, fyrstål og gud vet hvad. De var forsynede som for Finmarksfiske - men alt var anbragt med stor opmærksomhed og bare med lethed.

Uden for hotellet var det et røre af karjoler, stolkjærrer, vrinskende heste, reisetøi og råbende skydsgutter hvis sprog var en underlig blanding af kraftigt hardangermål og engelske gloser, og endelig en hel del skuelystne indfødte som høilydt gjorde sine bemærkninger om de reisende og lønnede hvert forsøg med uskrømtet latter.

Den mer sindige porsjon af de reisende havde bestilt skyds for at kjøre op gjenom dalen til Låtefos eller Seljestad og vende tilbage ud på eftermiddagen, eller de færreste for at fortsætte over Haukelifjeldet til Christiania eller gjennem Bratlandsdalen til Stavanger.

 

Odda og Hotel Hardanger vart så populært at det somme dagar var vanskeleg å få tak i rom.

Turisten John L. Stoddard fortel i 1897 at Odda var den einaste staden i Norge der han hadde vansker med å skaffa rom. Då båten la til kai, var det reine kappløpet for å koma først til hotellet. I resepsjonen var det så livleg at ein kunne tru det var børsen i New York. Det gjekk reint i surr for vertinna; ho ropte opp nummer på rom som ein auksjonarius.

 

Prisane på eit hotelrom var frå ei krone og opp til femti. Ein frukost kosta kr. 1,50, kveldsmat det same, og ein tre-fire rettars middag med kaffi kosta kr. 2,25.  

 

På denne tida tok dei første engelske turistskipa til å visa seg på hamna i Odda. Det første var "Ceylon", som gjekk der om somrane i mange år. Andre var "Saint Sunniva", "Argonaut", "Garonne" m.fl. Hotella hadde ikkje så mykje inntekter av turistane som var med på dei flytande hotella. Det var skysskarane og turistforretningane som hadde mest glede av dei. Tollefsen og Simonsen skipa eigen skyssforretning, og heldt fleire hestar, noko som forarga vognmennene. 

Fram til 1. verdskrigen var det jamn framgang og fredelege tilstandar i Europa, og reiselivet blømde som aldri før.

 

Skip på fjorden i Odda Det kom stadig fleire skip på fjorden i Odda. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

 

Hotellbrannen 9. august 1895

 

Fredag 9. august 1895 var ein varm og fin sommardag med lett solgangsbris. Hotel Hardanger hadde smekkfullt hus, men mest alle gjestene var på utferder. I 11-12 tida om formiddagen slo flammane brått ut frå eit av soveromma i 2. etasje og elden breidde seg med rivande fart til heile hotellet. Noko brannvern hadde ikkje Odda i den tid. Folk kom springande til med bytter og spann, men det var ikkje mogeleg å berga hotellet. Seks andre hus forsvann i flammane. Telefon- og telegrafstasjonen i Odda rauk og med i brannen, så det var ingen som hadde direkte kontakt med Odda.

Utan ein einsleg brannslange som vart festa i kranen på kjøkenet, fannst ikkje brannslokkingsreiskaper på hotellet, så det var ei lukke at dampskipet Vega låg på fjorden den dagen. Skipet hjelpte til med slokkingsarbeidet og forhindra at fleire hus gjekk med i brannen. Etter tre timar hadde dei brannen under kontroll, men arbeidet med slokking heldt fram til kl. 14 neste dag.

 

Skilt som åtvara mot å bruka open ild

På hotellet hang eit skilt med oppmoding om å vera forsiktig med ild og ljos. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Ingen liv gjekk tapt. Men hotellet sine eigne verdiar, og verdiane til gjestene vart offer for flammane. Hotellet hadde heller ikkje hatt eit ildfast skap til oppbevaring av gjestene sine verdigjenstandar. Avisene skreiv i dagane etterpå at dette var ein utilgiveleg mangel for eit hotell av denne storleiken. Hotellet var forsikra, men ikkje til sin fulle verdi.

Theodor Simonsen freista sjølv å redde ut så mykje som mogleg, men alt han fekk med seg var drikkepengane til tjenarane. Privathuset til Mikkel og Sofie Tollefsen brann heilt ned. Fru Tollefsen greidde å springa inn i huset for å redde den yngste sonen opp or vogga, før huset forsvann i flammane.

Orsaka til brannen skal ha vore ei blafrande gardin i eit ope vindauga som kom bort i ei open flamme på eit spriritusapparat. Ei engelsk dame hadde nytta dette til å varme opp ei krølltang.

 

Dei fleste turistane som kom heim frå utfluktane den dagen og fann hotellet i aske, tok det heile ganske rolig og meinte at dei fekk skaffe seg nye pengar og klede i Bergen. Men for nokre var det ei katastrofe, dei stod blotta for alt.

 

I eit intervju med Bergens Aftenblad den 12. august, fortalde kontorsjef Theodor Simonsen at han allereie hadde med seg arkitekt Jess frå Bergen til Odda for å planlegga det nya hotellet. Antakeleg hadde Tollefsen gått med tankar om å utvida hotellet med hjelp av arkitekt Jess då det brann ned. Truleg hadde arkitekten allereie deler av teikningane klare. Det nya hotellet skulle ha nasjonal arkitektur. Sveitserstilen vart blanda med nygotiske trekk, samstundes som dragestilen fekk stor innverknad både inne og utvendig. Trematerialane kom i skipslaster frå Nord-Trøndelag og taksteinen var vossaskifer.

 

 

Hotellet stod fram som eit Soria Moria slott då det var ferdig. Berre ti månader tok det før det stod klart til å ta imot nye gjester i juni 1896. Arkitekt Jess heldt seg i Odda i heile byggeperioden og sytte for at alt arbeidet vart så koordinert at ingen trong venta på andre. Snikkararbeidet var det byggmeister Lars M. Fixen (Fykse) som hadde ansvaret for. Han bygde fleire av hotella i Hardanger i 1890-åra, og han hadde ein fast snikkargjeng med seg i mange år. Men den vinteren har fleire vore sysselsett. Det var så mykje utanbygds folk den vinteren at alle hus var overfylte med losjerande arbeidsfolk.

 

Hotellbygget var oppført i kileform med vestfasade mot sjøen og austfasade mot hovudvegen. Det hadde to fulle etasjar samt kjellar og loftsetasje. Romma hadde ei høgd på 3,75m i første etasje, 3,24m i andre. Hotellet hadde ei grunnflate på 1600 kvadratmeter, med ei samla golvflate på 4800 kvadratmeter. Grunnmuren var dels av gråstein, dels av murstein, pussa med ru- eller glattpuss. Første og andre etasje var oppført i laftetømmer og kledt med bord. Takflaten vart broten av tre utsiktstårn med spir, gavle og ljosopning. Kanten av taket stakk 60cm ut frå vegg. Takrenner og røyr var i sink. Utvendig var hotellet malt, innvendig dels malt, dels tapetsert eller fernisert.

 

Hotel Hardanger 1896 Det nye Hotel Hardanger var ferdig i 1896. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

Det var fliser på golv i vestibyle og på toaletter. Vestveggen og takvindauga i spisesalen hadde dempa og fargebrent glas, medan veggane var dekorerte med treskjerararbeid og felt med oljemalerier.

 

Fliser på golv i Hotel Hardanger Flisene på golvet i hotellet. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Hovudinngangen var frå landsida og førde inn i hallen med rotunden. Arkitekten har antakeleg vore inspirert av dei gamle stavkyrkjene då han utforma rotunden. Det var noko sakralt over denne der han gjekk gjennom alle tre etasjane og var tekt med fleirfarga glas som solskinet glitra gjennom. Kring hallen og bortetter langs vestsida av sjøfløyen, låg salongar og selskapsrom av mange slag på rekkje og rad. Frå hallen førde lange korridorar til vestfløyen og austfløyen med ei breid trapp opp til 2. etasje og vidare til 3. etasje. Frå galleria hadde ein fin utsynsplass til livet nede i hallen, der gjester kom og gjekk. Langs alle vegger stod mjuke skinnsofaer.

 

Til venstre for hovudinngangen var kontoret der publikum vart ekspederte gjennom ei luke. Kontorsjef Simonsen sat  på kontoret og dirigerte både hotell- og skysstrafikken.

 

Galleriet i rotunden på Hotel Hardanger Galleriet i rotunden og dører til rom. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Soveromma var utstyrte med senger, stolar, kommode, vaskeservant med nattpotte i og vaskefat og mugge på. Eit rom var eit undantak med meir luksus; det var det store hjørnerommet i den nordvestlege enden. Dette var Kongeværelset. Her overnatta fyrstelege og kongelege gjester. Kong Leopold II overnatta her i 1896, reisedama hans sov i siderommet som det var ei gjennomgangsdør til. I 1907 kom kong Chulalongkorn av Siam med sitt harem til Odda og Hotel Hardanger. Han sov i Kongeværelset, men måtte ha ei heil etasje med rom til fylgjet sitt.

 

Toalettene var helst primitive med kaggedo og pissoarar bak ein halvhøg vegg. Odda hadde ikkje vassverk før i 1908. Det var knapt meir enn eitt eller to baderom i det store hotellet, og meir var ikkje å venta, så lenge ein ikkje hadde sentraloppfyring. Hotel Hardanger var eit sommarhotell og difor var det heller ikkje omnar på gjesteromma. Hotellet hadde 110 rom med 117 senger, og matsalen - ein gildehall i vikingstil, dekorert med drakeornamenter utført av trekunstnaren Lars Kinsaarvik - var på 200 kvadratmeter og hadde plass til 250 gjester. Nils Bergslien fekk oppdraget med å fylla dei tomme felta på veggane med nasjonalromantiske nisse- og huldremalerier. Familien Tollefsen tok med seg måleria av Bergslien og selde dei vidare med stor forteneste då dei selde hotellet. Odda kommune fekk kunstnaren Askeland til å måla nye bilete som vart plassert i dei tomme felta.

 

Over anretninga i frontveggen var eit lite galleri, antakeleg tenkt som musikkplass. Det vart fjerna då salen vart kinematografsal etter at kommunen tok over bygget.

 

Spisesalen i hotellet med plass til 250 gjester. Galleriet over anretninga i bakgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

I sørenden av austfløyen hadde familien Tollefsen privatbustaden sin.

 

Hotellet var eit imponerande syn då det lyste frå alle dei 270 vindaugo i august- eller septemberkveldane, og med ljos frå dei kulørte lyktene på verandaene. Ljoshavet vart fordubla ved speglinga i sjøen. Hotellet fekk elektrisk ljos frå eit oljedrive aggregat rundt 1900, før denne tid var det oljefyrte lampar og lykter med levande ljos.

 

Hotel Hardanger i Oddapollen ved Sørfjorden Hotel Hardanger speglar seg i fjorden der det ligg eit dampskip. Foto: Knud Knudsen, Kraftmuseet arkiv

 

I 1906 kom industrien til Odda, og denne sommaren var den siste med normal turisttrafikk til Odda. Det var ikkje lenger eksistensgrunnlag i industristaden Odda for eit hotell av slike dimensjonar som Hotel Hardanger. Og då første verdskrig braut ut i 1914 forsvann dei resterande gjestene. Hotelleigarane såg seg om etter ein måte å bli kvitt hotella på. Nokre fekk seld til bedriftane, dei fleste fekk erstatning frå industrien, men måtte etterkvart stengja drifta. 

 

Familien Tollefsen hadde drive forhandlingar med formannskapet i Odda om at kommunen skulle kjøpa hotellet, og i juni 1917 vart salstilbodet frå familien Tollefsen drøfta i kommunestyret for stengde dører. Tilbodet gjekk ut på at kommunen kunne få overta hotellet slik det stod for kr. 700000 pluss kr. 50000 for innbu og lausøyre. Saka skulle førebels vera hemmeleg. Men som avisa Hardanger skreiv: det var lettare å stengja dørene enn å stengja munnen på medlemene. Det tok ikkje lang tid før alle visste kva kommunestyret stelte med, og dermed gløymde folk både krig og matsut og tok parti for eller mot kjøp av hotellet.

 

Saka kom føre på ope kommunestyremøte att i slutten av juni. Argumenta for kjøp var at ein her kunne finna plass for alle kommunale kontor, for realskule, kinematograf, sparebank, politikammer, lensmannskontor, veterinærkontor osb, og enno ha rikeleg med plass til andre kommunale eller offentlege institusjonar. Slo ein ikkje til straks, risikerte ein at industriselskapa reiste med hotellet for nasa på kommunen. Saka vart utsett til 3. juli der den vart vedteke med 12 mot 8 røyster. Dette var ikkje eit kvalifisert fleirtal, så saka kom opp til endeleg behandling 10. juli 1917 og vart avgjord med 12 mot 7 røyster då ein representant ikkje var tilstades.

I ettertid ser ein at hadde ikkje kommunen kjøpt hotellet, ville mange oppgåver vore nærmast uløyselege. 

 

Den 30. september 1917 stengde Hotel Hardanger etter sin siste sesong, og den 15. oktober 1917 overtok kommunen den nye eigedomen sin, der innflyttinga tok til litt etter kvart. Utvendig vart det teke ei sanering i 1927, då tårn, verandaer og altaner vart nedrivne. Samstundes fekk bygget ein rustraud farge som skulle løyna skiten betre enn den ljosgule. Seinare fekk rådhuset den grågule fargen att.

 

Riving av tårn på rådhuset, tidlegare Hotel Hardanger, på 1920-talet Riving og sanering av tårn på rådhuset, tidlegare Hotel Hardanger i 1927. Foto: Eidnes, Kraftmuseet arkiv

 

 

Etter at nye Odda rådhus vart bygd og stod ferdig i 1957, gjekk utflytting og forfall på det gamle rådhuset hand i hand fram til 1974. Sjøfløyen vart riven i 1973, og dermed var den imponerande fasaden ut mot sjøen vekk, bygget framstod som noko amputert.

 

Rådhuset etter at vestfløyen ut mot fjorden vart riven Vestfløyen mot fjorden vart fjerna. Her frå 1970-talet, då det i tillegg var særs nedslete. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Det ein gong så stolte bygget var no eit trist syn mot kva det hadde vore, og stemninga for riving vart større.

 

Avisartikkel om den oppheta diskusjonen rundt rivinga av rådhuset

Frå ein artikkel i Bergens Tidende fjerde mai 1976. Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Teikning av Hotel Hardanger Forslag til renovering frå arkitektane Sekse & Mannsåker.  Kraftmuseet arkiv

 

I aller siste liten vart det gjort eit krafttak for å berga det tradisjonsrike bygget for ettertida. Ein fekk tilskot frå Norsk Kulturfond til utarbeiding av ein plan for restaurering og framtidig bruk av rådhuset. Arkitektane Sigurd Sekse og Knut Mannsåker arbeidde ut restaureringsplanen. Kostnadsoverslaget lydde på ca. 5 milionar kroner. Men med 27 mot 17 røyster vedtok kommunestyret at det gamle rådhuset (Hotel Hardanger) straks skulle rivast.

Høyer-Ellefsen A/S tok på seg jobben for kr. 400 000.

Den 8. november 1976 tok dei til med rivinga av rådhuset og i juni 1977 var det berre ein grushaug att av det som ein gong var det flottaste hotellet i Norge.

 

Rivinga av Odda gamle rådhus er i gang Rivinga starta på vinteren 1976 og var ferdig tidleg i 1977. Foto: Jan Gravdal, Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

Brosjyre nytt Hotel Hardanger

Brosjyren som vart laga i samband med prosjektet til gjenoppbygging av hotellet.

 

 

I 2006 starta ei gruppe initiativtakarar leia av Reidar Eikemo eit prosjekt for å byggje opp at hotellet. Kommunen var positiv, men prosjektet vart ikkje noko av.

Brosjyre nytt Hotel Hardanger  Brosjyre nytt Hotel Hardanger

 

 

På Kraftmuseet i Tyssedal er det stilt ut ein modell av hotellet.

 

Modell av hotel Hardanger

Modell av Hotel Hardanger - her vestfløyen ut mot fjorden. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

Model av hotel Hardanger austfløyen

Modell av hotellet - her austfløyen ut mot hovudvegen. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet
 

 

Kjelder:

Olav Kolltveit: Hotel Hardanger frå vogge til grav. Artikkel i Hardanger Historielag sitt tidsskrift Hardanger årg. 1976 og 1977

Olav Kolltveit: Odda, Ullensvang og Kinsarvik i gamal og ny tid. Bygdesoga frå 1962

Sekse & Mannsåker: Forslag til bevaring av det gamle rådhuset i Odda

Kraftmuseet arkiv

 

 

 

 

{

{"no_NO":"Monsens Hotel i Oddapollen kring 1850","en_GB":"","de_DE":""}

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no