NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Drypp frå arkivet

Drypp frå arkivet

Kraftmuseet sitt nye tilbod vil koma kvar fyrste onsdag i månaden, og vil ta føre seg eit anna tema kvar gong.

Vi startar den 6. november med eit kåseri med foto og hendingar omkring Odda sjukehus. Du får høyre om kva som var orsaka til at Odda fekk eit eige sjukehus, som no er eitt av dei minste sjukehusa i landet. Du får høyre om ulukker, morosame hendingar, den legendariske dr. Haavik. utbygginga av sjukehuset og kampen for å behalde det.

 

Sjukesøster Mandt med baby Ottar på gamle Odda sjukehus i 1939 Sjukesøster Mandt med den nyfødde guten Ottar på Odda sjukehus. Foto: I.O.Johannessen - Kraftmuseet arkiv

 

 

Arrangementa finn stad i "Buen" møtelokale i museumshagen i Folgefonngata kl. 12. Det kostar kr. 50, og det vil verta sal av kaffi med noko attåt ved Kraftmuseets Venner.

 

Buen møtelokale i Folgefonngata

"Buen" møtelokale. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Dei neste månadane vil det koma ei liste over kva tema som kjem kvar fyrste onsdag, så det vert råd å planleggja eit besøk.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no