NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Direktørvillaen Blåsenborg

Direktørvillaen Blåsenborg

Eit av dei første husa karbidfabrikken bygde etter oppstart av anlegget i 1906 var direktørvillaen.

Det låg på Eide i god avstand til fabrikken og hadde vakker utsikt over Odda. Arkitekt Jens Zetlitz Monrad Kielland som hadde teikna Gamlehaugen for Christian Michelsen i Bergen fekk oppdraget med å teikna huset. Både utvendig og innvendig hadde det vakre utskjeringar i drakestil. Deler av fasaden var kledd med spon som på stavkyrkjene. Kielland var utdanna i Charlottenburg ved Berlin.

 

 

Odda Smelteverk sin direktørvilla Blåsenborg Direktørvillaen til Odda Smelteverk - Blåsenborg - Brucevillaen, sett frå nordsida. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Trekunstnaren Magnus Dagestad på Voss var ansvarleg for utskjeringane. I hallen hadde Petersson eit stort biletteppe med tittelen ”Friarane” av den kjende kunstnaren Gerhard Munthe. Bygget signaliserte både det nasjonalromantiske og den nye tida i Odda.

 

 

Interiør frå direktørvilla Blåsenborg i Odda

Interiør frå direktørvillaen Blåsenborg - Brucevillaen - hall med peis, utskjeringar og veggteppe av kunstnaren Munthe. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Villaen skulle vera både bustad og nyttast til representasjon. Han låg i landlege omgjevnader på Eide, i god avstand til fabrikken og røyken og med vakker utsikt over Odda, Folgefonna og Sørfjorden. Ein liten park med grusgangar og drivhus omkransa bygget.

 

Leonie Petersson med sonen Klaus på trappa til villa Blåsenborg Leonie Petersson med sonen Klaus på trappa til direktørvillaen. Foto: Albert Petersson privat - Kraftmuseet arkiv

 

 

Direktørparet Albert og Leonie Petersson tok huset i bruk omkring 1907. Fram til Peterssons død i 1914 vart huset kalla "Dr. Peterssons villa". Deretter flytta direktør Frans W. Bruce og familien inn og vart buande i 38 år, til 1953. Villaen vart sidan kalla "Brucevillaen", men Brucefamilien kalla huset "Blåsenborg".

 

 

 

 

Interiør frå Brucevillaen i 1963 Interiør frå villaen før riving i 1963. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

I 1962 vedtok styret for Odda Smelteverk AS å riva huset. Den nye direktørfamilien synest bustaden i den store hagen var for gammaldags. Brucehagen gav seinare tomteplass til mange nye heimar for tilsette ved smelteverket.

 

 

Blåsenborg - Brucevillaen - direktørvillaen til Odda Smelteverk

Biletet er teke like før villaen vart riven i 1963 etter vedtak i styret for Odda Smelteverk A/S. Foto: Bj. Eidnes, Odda. Kraftmuseet arkiv

 

Direktørvillaen sin fasade mot nord

Direktørvillaen sin fasade mot nord

  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail
  • thumbnail

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no