NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Buerbreen og gondolbane.

Buerbreen og gondolbane.

Buerbreen har nådd mykje lenger ned fleire gonger enn slik vi ser den i dag. Og den har stadig flytta brefronten fram og attende.

 

Buerbreen var og er framleis eit kjent reisemål både for turistar og nordmenn. Kvart år gjennom sommarsesongen kjem det tilreisande frå alle kantar av verda for å oppleva snø og is på nært hald. Breen har nådd mykje lenger ned i dalen enn den gjer no. På slutten av 1890 nådde den ned i dalbotnen og midt på 30-talet nådde den så langt ned som bilete viser.

Buarbreen og slettene på Buer i 1930-åra

Som ein ser nådde breen langt ned i dalen den gong. Biletet er frå Gletthaug. Her sto det første hotellet, ”Buer Hotel” og litt lenger bak hadde gardane på Buer sommarfjøs. Breen kom veldig nær fjøset, store steinar gjorde det vanskeleg å kome forbi, men fjøset vart ståande. Men hotellet vart tatt av skrevind etter eit ras lenger oppe.

 

Buerbreen og Buer

Buerbreen og Buer i 2004. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

I 1932-34 var det folk som kom til Buer og gjorde oppmålingar samstundes som dei tok ein del bilete i samband med planar for ein gondolbane frå om lag der turisthytta stod og opp gjennom Langgrød-dalen. På den måten var det kort veg til Folgefonna, som var målet for mange tilreisande.

 

Buer Hotel i 1920-25

Buer Hotell i 1920-25. Hotellet vart flytt nærare garden på Buer i 1897, då breen ville ta huset. Det vart reve i 1935.

 

 

Buerbreen

Buerbreen i 2004. Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Margit Buer foran Buarbreen i 1937 Margit Buer i 1937. 

 

Biletet er tatt i mai-juni 1937. Margit Buer, gift Åkre, var 18 år den gong fotograf Normann kom og ville ta opp ein kort film frå Buardalen og breen. Han ville gjerne ha med ein person i filmen, og Margit vart spurt. Ho stilte opp i bunad. Som takk for innsatsen skulle ho få to, tre bilete frå filmen. Lite visste Margit at filmen seinare vart vist i reklamesamanheng verden rundt, bl.a. i USA, og tre prospektkort vart produsert og selt overalt i Norge, bl.a. hjå bokhandlar Hagen i Odda, som har gjeve to av korta til NVIM.

Alle Foto: NVIM arkiv

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no