NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:
  • Båtmotor frå Odda motorverksted

Båtmotor frå Odda motorverksted

Leif Arne Andersen har sikra interessant motorhistorie frå Odda.

Den einsylindra motoren sto lenge i båten til Sigurd Isdal i Reinsnos og har tatt mange transportetappar med folk og varer på Reinsnosvatnet. Båten er for lengst borte, men Andersen har tatt godt vare på motoren som han ein gong fekk av Isdal. Slik har han sikra ein bit verkstadhistorie frå Odda.

Robåt på Reinsnosvatnet i 1919

Ein robåt på Reinsnosvatnet i 1919. Foto: NVIM arkiv

 

 

Platina båtmotor

Motoren har 4,5 HK, er av typen Platina og er laga som byggenummer 10 ved Odda Motorverksted i 1919, det fortel messingskiltet som er festa på oljekaret. 

 

Motoren er i original stand og Andersen har passa på for å motverka rust. I bruk gjekk motoren på ”blankolja” eller parafin blanda med vatn og for å starta måtte han fyrast med blåselampe. Motoren hadde "veiksmøring", så i oljekaret ligg det ullveiker ned i dei fire kanalane som går til punkter som trong smøring.

 

Andersen fortel til NVIM at både private og Motormuseet i Skånevik har vist interesse for den spesielle motoren, men han synest den rette staden for framtidig oppbevaring av ”klenodiet” var Industristadmuseet og det set vi stor pris på. Motoren og verkstadhistorie frå Odda hadde fortent utstillingsplass, men førebels kan vi kun tilby magasinplass og denne vesle omtalen på nett.

 

Motteken 19.4.2010. Gjenstandsnummer NVIM-5264. Tekst Brita Jordal. Foto Harald Hognerud.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no