NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Anleggsbragd til å bli svimmel av

Anleggsbragd til å bli svimmel av

Vinteren 1906 har Sam Eyde eit strategisk møte i Paris. Gründer Fredrik Hiorth dukkar uventa opp. Han har Tyssovassdraget i Hardanger på hand. Vel to år seinare står eit majestetisk kraftanlegg ferdig i Tyssedal.

Me kan sjå for oss at dei 39 innbyggarane i den vesle grenda ser fortumla rundt seg og spør: Kva var det som traff oss? For no er ikkje Tyssedal lenger 39 sjeler og to gardsbruk. Staden er ein vrimmel med hundrevis av arbeidarar, brakker og andre nybygg - og Tyssedal kraftanlegg som midtpunkt. Ingeniør og arbeidsfolk i det krevjande anleggsområdet i Tyssedal. Foto: NVIM sitt arkiv

Sam Eyde tar saka

For Fredrik Hiorth var det ei takknemleg oppgåve å visa at Tysso hadde stort utbyggingspotensial. Nedslagsfeltet omfatta vestdelen  av Hardangervidda, der det låg ei rekkje vatn rundt 1200 moh. Desse hadde avløp til Ringedalsvatnet (440 moh) og vidare Vetlevatn (415 moh). Herifrå rann elva Tysso ned til Tyssedal og Sørfjorden, den sørlegaste greina av Hardangerfjorden. Denne var ein isfri sjøveg til verdshava.

20. april 1906 blir Aktieselskabet Tyssefaldene stifta på Sam Eyde sitt kontor i Kristiania. Blant stiftarane er ingeniør dr. Albert Petersson, nøkkelpersonen i det hardangerske industrieventyret. Sam Eyde tek rolla som generaldirektør. Styresmaktene applauderer. Alt 10. mai 1906 blir det ved ein kongeleg resolusjon gjeve konsesjon til utbygginga. Kraftverket skal levera straum til The Sun Gas Company, som står klar til å etablera storindustri Odda, det som seinare blir Odda smelteverk AS.

I september 1906 etablerer Tyssefaldene ingeniørkontor i Tyssedal og set full kraft på anleggsarbeidet.

Pionerarbeid

Det kan diskuterast kven som skal ha hovudæra for den imponerande gjennomføringa av anleggsprosjektet 1906-1908. Som vanleg blir Sam Eyde det store namnet. Men byggeleiar Sigurd Brinch er viktig, og ikkje minst ingeniør Sigurd Kloumann som er den Sam Eyde sender til Tyssedal for å planlegga utbygginga.

Kloumann har erfaring frå tilsvarande prosjekt på Notodden og Rjukan. Men dette er meir krevjande. Kloumann vil føra vatnet gjennom fjellet, og i 400 meters fall ned til ein kraftstasjon ved fjorden. Dette vil gje godt trykk og mykje kraft, men er det mogleg? Så stor trykkhøgde er det ingen i verda som har prøvd før.

Sigurd Brinch skriv i memoarane sine: «Det var noe enestående i Europa, dette. Escher-Wyss, som leverte turbinene til Tysse, påsto at de hadde erfaringer med den slags fallhøyder, men erfaringene kunne ikke være av så gammel dato, for det første lignende anlegg - Brusio i Sveits – ble ferdig omtrent samtidig med oss.»

Stupbratt røyrmontering

Arbeidsstyrken var på rundt 500 mann, der rallarar frå Sverige var eit sterkt innslag. På halvanna år bygde dei ein seks meter høg reguleringsdam og ein 160 meter lang tappetunnel frå Ringedalsvatnet til Vetlevatnet. Ved Vetlevatnet sette dei opp ein inntaksdam, og dreiv herifrå ein 3420 meter lang og 9,5 m² stor tilførselstunnel til eit fordelingsbasseng med ventilhus. Den kanskje mest spektakulære delen av prosjektet var monteringa av to 730 meter lange røyrleidningar ned til kraftstasjonen. Brattaste delen hadde 60 grader fall.

Frå den risikofylte røyrmonteringa i fjellsida over Tyssedal. Foto: NVIM sitt arkiv

Dei sentrale industribyggarane Dr. Albert Petersson og ingeniør Sigurd Kloumann poserer med det norske flagget. Foto: NVIM sitt arkiv

Arbeidsfolk i fordelingsbassenget over røyrgata, i 1907. Foto: NVIM sitt arkiv

Den freda kraftstasjonen i Tyssedal kraftanlegg er i dag ein del av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum. Foto: H. Hognerud, NVIM

Sigurd Brinch fortel: «For å motstå et trykk på vel 400 m var den nedre del av rørledningen laget av helsveisede rør med tommetykt gods. De var en 5-6 m lange og veiet vel 4-5 tonn. De var valset ut i den ene ende for å gi plass for neste rør og festet til dette med en dobbelt rad nagler. Alt i alt kunne det vel være en halvhundrede rør av denne typen, med noe mindre godstykkelse eftersom man kom opp i høyde.»

Tidspresset var stort, og hastverk kan gå ut over helse og tryggleik. Det gjorde det òg i Tysso-utbygginga, sjølv om arbeidsprosessane var risikofylte uansett tempo. Tunellarbeidet gav silikose. Smørjing av blymønjemaling inni røyra førte til forgifting. Men prosjektet 1906-1908 registrerte ingen større arbeidsulukker. Sigurd Brinch seier: «Det var jo et nesten uhyggelig terreng å arbeide i, men lykkeligvis slapp vi igjennom hele anlegget med bare et ulykkestilfelle - en mann brakk lårbenet. Taket glapp for et spett. Det kunne jo likegodt hendt på flate bakken.»

Arkitektens triumf

Hastverk kan også gå utover estetiske kvalitetar. Men kraftstasjonen i Tyssedal blei teikna av den dyktige og kompromisslause arkitekten Thorvald Astrup. Han sa: «Når folk får øynene opp for at en fabrikkbygning og en heslig bygning ikke er samme sak, vil de heslige bygninger aldri mer bli tålt.»

Dermed blei kraftstasjonen det smykket Sam Eyde nok ville ha. Slik prakt kom til sin rett då keisar Wilhelm kom på besøk i 1908. Saman med dr. Albert Petersson, som no var direktør på karbidfabrikken i Odda, møtte Eyde den tyske keisaren i båt ved Tyssedal. Sigurd Brinck fortel: «På et stort svaberg straks nordenfor kraftstationen var det lagt ut et 'salutbatteri' av passelig store dynamitpakker. (…) oppe i Tyssenuten var det placert en mann, som med et stort flagg skulde signalisere, når Keiseren passerte Ullensvang. Intet var overladt tilfeldigheten.» Alt gjekk bra og keisaren var imponert, sjølv om salutten var «et allerhelvedes leven så lenge det stod på».

Ære og muskelstyrke

Etter kvart får Tyssedal kraftanlegg nye byggetrinn, med endå større arbeidsstyrke enn første fasen. I 1918 står den mektige Ringedalsdammen ferdig, og kraftstasjonen er mykje utvida. No er Ragnvald Blakstad direktør for AS Tyssefaldene. Som ein demonstrasjon av eigen stordom, har han fått mura inn initialane sine i demninga. «RB» står også på fasaden til kraftstasjonen.

Bygginga av kraftanlegget i Tyssedal var ein prestasjon mange ville ha æra for. Ingeniør Sigurd Kloumann snudde seinare ryggen til Sam Eyde, visstnok fordi han var lei av at Eyde alltid tok merksemda. Men nokon som vel hadde større grunn til å kjenna seg oversett, var dei som utførte muskelarbeidet. Stundom baud det seg høve til å ta litt igjen. Ein dag møtte den svære rallaren Johan Gren den vesle Sigurd Kloumann på ei av hengebruene over Tysso. Der var det berre plass til éin om gongen, og dresskledde Kloumann vifta for å få Store Johan til å rygga. Johan tok tak i brystet på Kloumann og løfta han opp på utsida av gjerdet med elva stri under seg. «Vær glad jag er barnkjær», sa Johan og sette Kloumann ned på andre sida. Og så gjekk dei vidare kvar til sin kant.

Knut Markhus, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Faktaboks

Tyssedal kraftanlegg ligg i Tyssedal, Odda kommune

Anlegget var i drift frå 1908 til 1989

Sam Eyde var AS Tyssefaldene sin første direktør

Kraftanlegget vart freda i år 2000, som eit av dei største freda anlegga i Nord-Europa, og restaurert for ca. 50 mill. kroner fram til 2009

Tyssedal kraftanlegg er ein del av Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no