NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Dokumentasjon av Valen kraftverk

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) har på oppdrag frå Hordaland fylkeskommune utført eit omfattande dokumentasjonsprosjekt om historia til Valen kraftverk. 8. november kl. 18 blir resultatet lagt fram på eit ope møte på Valen i lag med Valestiftinga, og på nettstaden vasskrafta.no.

Valen asyl (seinare Valen sjukehus) vart bygd av Søndre Bergenhus Amt (seinare Hordaland fylke / fylkeskommune) frå 1908-10, og var eitt av dei aller første offentlege bygg - og det første sjukehuset i Norden - som vart elektrifisert, ved hjelp av eit eige kraftverk. Historia til Valen sjukehus og Valen kraftverk heng difor nøye saman.
 Valen kraftstasjon, 2017. Foto: Dag Endre Opedal/NVIM
 
Gjennom arkivarbeid, foto, film, registrering av gjenstandar, bygg og anlegg og andre kulturminne knytta til kraftstasjon 1 frå 1910 og kraftstasjon 2 frå 1939 samt intervju med personar som har jobba i kraftanlegget, er denne historia tatt vare på for ettertida. Dette er både ei spanande lokal, regional og nasjonal krafthistorie .
 
På nettsida vasskrafta.no/valen er det lagt ut historikk, foto, film, 3D-modell m.m. frå Valen kraftverk.
 
Onsdag den 8.november vil direktør Knut Markhus, prosjektleiar Terje Kollbotn og prosjektmedarbeidar og nettansvarleg Dag Endre Opedal frå NVIM møte Valestiftinga og alle andre interesserte for å formidle
smakebitar frå den unike historia om kraftkrevjande psykiatri på Valen - og
tankar om vegen vidare for Valen kraftverk som kulturminne.
 
Framsida til rapporten, den kan lesast i sin heilhet på vasskrafta.no/kraftverk/valen/dokumentasjon/.

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no