NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Peltonturbinen og nåla

Tegning av Peltonturbin og nål

Peltonturbinen er ei høgtrykksturbin, i dag mest nytta der det er fall over 500 m. Ved fall under 500 meter er Francisturbinen det vanlege. I denne stasjonen er det berre Peltonturbinar. Gruveingeniør Lester Pelton arbeidde med vasshjul i ei gullgruve i California rundt 1850. Ein dag trefte vasstråla kanten på skovlen, og Pelton såg at farten auka så mykje at skovlane fór av. Han bygde då ein turbin med skovlar forma som to skåler med ein egg i midten.  Peltonturbinen var konstruert!

I ein peltonturbin er det viktig at vasstråla er tynn og hard. Dette oppnår ein ved hjelp av ”nåla” (2). Nåla er ei dyse, ho omdannar trykkenergi i vatnet til fart, vatnet treffer skovlane på turbinhjulet og driv turbinen rundt.

 

Turbin og dyse på undersida Turbin og nål/dyse sett frå nedsida. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no