NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Omformarane

 

 

 

Omformarane i kraftstasjonen Omformarane i kraftstasjonen. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

Tysso I produserte i hovudsak 25 hertz (Hz) straum. Auga oppfattar svingingane i vekselstraum med denne frekvensen, difor såg det ut som lyset blinka. Då kraftanlegget Tysso II, oppe i Skjeggedal, stod ferdig i 1967, blei Odda og Tyssedal ein del av det nasjonale samkøyringsnettet, og ein gjekk over til 50 Hz straum. Dette førte til at alle elektriske apparat måtte byggjast om eller erstattast. Tysso I held fram med å levere 25 Hz straum til Odda smelteverk. Då stasjonen blei stansa i 1989 vart aggregat 1 og 2 bygd om til omformarar slik at smelteverket fortsatt fekk den rette frekvensen på straumen. Omformarane var i drift fram til 1996, då fabrikken i Odda fekk sine eigne omformarar.

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no