NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Dramatiske døger

26. januar 1916 bryt vassrøyr nr. 4 saman i røyrkjellaren i kraftstasjonen. Vasstråla slår gjennom golvet i 1. og 2. etasje. 

Røyrbrotet i 1916

Den direkta årsaka til uhellet var ei mindre kortslutting i Carbidfabrikken i Odda. Straumleveringa til fabrikken blei plutseleg kutta utan forvarsel, trykket i røyr 4 steig enormt og røyret spang ved turbin 10 inne i stasjonen. Vasstråla sprengte seg veg gjennom golv og mur i stasjonen og forårsaka store skadar.  Røyr 3 og 4 låg i parallell og lukene ved fordelingsbassenget  på Lilletopp blei utløyst og klappa igjen, så det var berre vassmengda  i røyra som strøymde ut i anlegget. Men i tillegg til skade i stasjonen, blei røyr 3 øydelagt;  ventilen som skulle sleppa inn luft etter kvart som røyret blei tømt for vatn svikta. Det oppsto derfor eit aukande undertrykk eller vakuum. Presset av lufttrykket utanfrå blei så stort at røyret blei trykt saman i øvste delen frå knekkpunkt 1 – 3.

 

 

 

 

Vakum førde til at røyret vart sugd saman. 1916 Vakumet sugde røyret flatt. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Generatorane står delvis under vatn, men straumen blir heldigvis broten. Skadane var omfattande og tidspresset stort. Bedriftene i Odda trong krafta! Dei arbeidde på spreng i stasjonen, og klarde det før ovnane i Odda gjekk kalde.

 

Kraftstasjonen står under vatn i 1916 Kraftstasjonen står under vatn. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

Under reparasjonsarbeidet tre dagar etter røyrbrotet blei det igjen alvorleg. Ved stenging av ein hovudventil rauk ventillokket av og ei kraftig vasstråle sto ut og trefte ein maskinist som blei slengt mot ein turbin. Mannen fekk brot på hjerneskallen og livet sto ikkje til å redda.

I folks minne og på folkemunne har det festa seg ei oppfatting av at maskinist Haldorsen døydde under sjølve røyrbrotet, men dette stemmer altså ikkje med loggen i AS Tyssefaldene sin driftsrapport frå 4. mars 1916.

 

 I desse dagane var stasjonen i drift med ni aggregat. 

 

Røyrbrotet i Tysso I 1916 Biletet viser skader inne i kraftstasjonen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Vedlikehald og dramatikk i røyrgata
 

For det meste har røyrgata fungert bra og har takla dei store påkjenningane. Men rundt røyr 3 har det vore dramatikk; første gong då eit lengre strekk av røyret kollapsa ovanfor knekkpunkt 3 på grunn av undertrykk under røyrbrotet i 1916. Andre gong var under vedlikehaldsarbeid  på 1930-talet. Under inspeksjon var det oppdaga sterk rustdanning i røyret om lag der kollapsen hadde skjedd i 1916. Blærer på storleik med erter måtte fjernast innvendig. Røyret blei tatt ut av bruk og tømt for vatn ned til knekk 3 ved stupet. Ei sperring blei sett opp inne i røyret som sikring for både folk og lause ting. Eit mannhol eller mannlokk (inspeksjonsluke) blei opna ovanfor og nedanfor arbeidsområdet for å få folk, utstyr og luft/ventilasjon inn i røyret. Ein lang slede av tre blei bygd oppe i røyret og låra nedover i tau saman med leidningar for arbeidslys.

 

Røyr 3 demontert etter røyrbrotet i 1916

Røyr nummer 3 vart demontert etter røyrbrotet i 1916. Foto:Kraftmuseet arkiv.

 

 

 

 

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no