NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Tysso I - Norges første freda kraftanlegg

Tysso I kraftanlegg blei bygd mellom 1906 og 1918, og var eit av dei største høgtrykksanlegga i verda. Tysso I var livsnerva til industrisamfunna Odda og Tyssedal.

Tysso I i 1907 Tysso I i 1908

Kraftanlegget er godt bevart, og er eit av dei fremste tekniske og industrielle kulturminna Noreg har i dag. Kraftanlegget fortel historia om vasskraftutbygginga og om framveksten av det moderne Noreg.
Det er viktig for museet å ta vare på, og samstundes skape nytt liv i anlegget. Eit svært omfattande restaureringsarbeid vart utført frå 1999-2007, både av sjølve kraftstasjonen og på Lilletopp, anlegget på toppen av røyrgata.
Tyssedal kraftanlegg, Tysso I, vart freda av Riksantikvaren 15. mai 2000.

Direktør for AS Tyssefaldene , Karstein Bremnes, med fredingsdokumentet frå Riksantikvaren i år 2000.

 

I 1978 tok Hardanger Folkemuseum v/rådsformann Sondov Rabbe det første initiativet til vern av Tyssedal kraftstasjon og mange trudde at prosessen med vernetanken var i gang. Men slik gjekk det ikkje. Det skulle gå mange år enno.

Odda Industristadmuseum, eit kommunalt kulturprosjekt, kom i gang i 1985, og tok straks opp att tråden om å verne eller frede kraftstasjonen. Først fire år seinare i 1989 kom eit prosjekt om utgreiing av framtidig vern av Tysso I i gang.  Då industristadmuseet i 1994 flytta til Tyssedal og inn i det gamle administrasjonsbygget til AS Tyssefaldene, vart det meir fokus på kraftstasjonen sidan museet hadde både omvisingar og utstilling der.

Prosjektet om framtidig vern av Tysso I var overlevert Odda kommune, og i 1996 vart all drift i kraftstasjonen stoppa. No var det ingen kraftproduksjon eller energioverføring frå kraftstasjonen lenger og fredningssaka vart ei hovudoppgåve framover.

Frå 1996 arrangerte museet har konsertar i kraftkatedralen, og særleg vart den årlege konserten i samarbeid med Hardanger Musikkfest populær.

I 2000 vart Tysso I valt til Odda kommune sin 1000 årsstad. Bygget vart og stemt fram som århundrets bygg i Hordaland.

Så endeleg den 15. mai 2000 blir Tysso I, Tyssedal kraftstasjon og deler av kraftanlegget freda av Riksantikvaren. No var det om å gjere å kome i gang med restaureringsarbeidet så snart som mogleg. Fredinga utløyste ei viss økonomisk støtte, men det måtte jobbast hardt for å skaffe tilstrekkeleg finansiering til å kome i gang og ikkje minst for å halde kontinuitet i arbeidet for å halde dei store riggkostnadane nede. Dette var ein føresetnad for å halde budsjettet som vart lagt i "Tysso I-rapporten" frå 1999. Det klarte ein på dei fleste område. Dette skuldast godt samarbeid mellom byggeigar AS Tyssefaldene, som hadde ansvaret for byggeleiinga og NVIM som var ansvarleg for å skaffe finansiering. Finansieringa av dei 46,7 millionane det kosta å restaurere kraftanlegget var 23,9 mill skaffa lokalt og regionalt og 22,4 mill. var statlege midlar og 0,4 kom frå fond og andre midre bidragsytarar.

Den 14. mai 2005 var statsminister Kjell Magne Bondevik i Tyssedal for å utføra den formelle handlinga som markerte at kraftstasjonen var ferdig restaurert.

Tidl.direktør Randi Bårtvedt og statsminister Kjell Magne Bondevik ved opninga av den ferdig restaurerte kraftstasjonen i mai 2005.

 

 

Kjelder: Eige arkiv og rapporten ”Vestnorsk Vasskraftmuseum” av Lars Ove Seljestad.

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no