NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Naustbakken 3

Resepsjon, butikk og kafé.

Naustbakken var plass og feste under garden Tyssedal. Plassen fødde i 1875: 1 ku, 6 sauer og 1 geit. Utsådd poteter. AS Tyssefaldene fekk feste på garden i 1906 for kr. 2 500 pluss årleg avgift. 

 

Naustbakken 3 var det største naustet i Tyssedal. Gråsteinsmurane dannar kjellaren i bygget som er frå 1906. Byggmeistaren frå Digranes bygde huset i enkel "Sørfjordsveitser". Vindauga er i typisk jugendstil som var populær rundt 1912. 

 

Kristen Tyssedal selde garden sin til AS Tyssefaldene i 1911 og opna den første landhandelen i Tyssedal i Naustbakken 3. Han var og postopnar dei første åra. Johannes Norheim overtok butikken i 1924. Norheimsbutikken var i drift til 1968 og var ein av over tretti butikkar i Tyssedal.

 

Alt kom sjøvegen til Tyssedal i mange tiår, og området nedst i Naustbakken var eit naturleg sentrum.

 

I første etasje har museet i dag resepsjon og museumsbutikk. Kjellaren er bygd om til kafé og selskapslokale. Tyssedal Røde Kors held til i andre etasje.

 

Bygget vart pussa opp i år 2000 i regi av Kraftmuseet. AS Tyssefaldene eig bygget.

 

 

Naustbakken 3 og hesteskyss Naustbakken 3 og hestetransport. Foto: Kraftmuseet

 

 

Naustet i 1907

Naustbakken 3 i 1911, med røyrdelar til røyrgata i framgrunnen. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

Kaien og NB3

Kaia og Naustbakken 3 sett frå same ståstad i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Museumsbutikk og resepsjon

Resepsjon og museumsbutikk i 2014. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

 

Sommarvertane Åshild og Maren Sommarvertane Åshild og Maren i butikken/resepsjonen. Foto: Anne Gravdal Kraftmuseet

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no