NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Adminstrasjonbygningen i Naustbakken

Bygget blei oppført i 1914 etter teikningar av arkitektane Morgenstierne og Eide i Kristiania. Det blei som eit rådhus for Tyssedal, og husa driftskontor, lønningskontor, telegraf, bank, post og politi. I kjellaren bak politistasjonen låg arresten.

 

Opplyst administrasjonsbygg

Foto: Harald Hognerud

Tyssefaldene hadde kontorene sine i bygget fram til 1989, då dei flytta administrasjon og driftssentral til toppetasjane i den gamle kraftstasjonen.

Arkitektane Morgenstierne og Eide teikna administrasjonsbygget for utbyggjarane av den nye tida i 1914. Den symmetriske fasaden og dei klassisistiske trekka skulle visa alle som kom sjøvegen til Tyssedal kvar sentralen i industrisamfunnet var.

I anleggstida fungerte AS Tyssefaldene som politimakt. Frå 1916 var det tilsett ein poitibetjent og gjennom 60 år hadde politiet bolig, kontor og arrest i bygget.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum tok bygningen i bruk i 1994. Han blei då restaurert i samråd med Riksantikvaren. Det er brukt opprinnelege puss- og malingsteknikkar i tillegg til nytt materiale og forsiktige endringar. Gro Lavold var arkitekt for restaureringa.

Kontoretasjen er ombygd til utstillingsrom, underetasjen har auditorium/filmsal og magasin for arkiv og gjenstandar. I toppetasjen der det før var leilegheiter, er det kontor, møterom og bibliotek.

Museet leiger bygget av AS Tyssefaldene. 

 

AST sin  administrasjonsbygning        Døra til administrasjonsbygget

Midt på fasaden troner inngangen med nybarokk ornamenteringFoto: Harald Hognerud

 

Detalj av taket til administrasjonsbyningen

Arker og spir er malt som irra koppar. Foto: Harald Hognerud

Kontorbygning i Naustbakken   

Før administrasjonsbygningen kom, stod det ein kontorbygning på same tomta.

Frå bygginga av administrasjonsbygningen i 1914.

 

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no