NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:

Opplev Tyssedal

Sommarsesongen 2017

Museet i Tyssedal er ope kvar dag (1-7) frå 10.00 - 17.00 i perioden 03.06. - 03.09.

 

Filmen startar kl. 11.00, 13.00, 15.00  - og varer i 27 min.

Omvisinga startar etter filmen.

Du kan og sjå museet og kraftstasjonen på eige hand.

Vend deg til resepsjonen i det vesle raude huset,

der får du dei opplysningane du treng.

 

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum er eit levande museum som kastar historisk lys over det moderne Norge. Odda og Tyssedal gjekk frå å væra store turistmål til å bli internasjonalt viktige pionérsamfunn for vasskraft- og industriutbygging. NVIM er eit av to hovudmuseum i NVEs museumsordning. Velkommen til industrieventyret Tyssedal!

 

 

Film: Arvid Aga

Tyssedal kraftverk var ein gong Europas største. Anlegget er eit nasjonalt kulturminne. Etter fredinga i 2000 er alt vakkert restaurert og fylt med aktivitet. Museet ved fjorden byr på daglege omvisingar i den freda Tyssedal kraftstasjon, filmar og utstillingar. Du er óg velkomen til å vandre rundt på eige hand. I resepsjonen i den gamle landhandelen på kaia får du god hjelp av flinke museumsvertar. I butikken og keféen kan du kjøpa lokalt kunsthandverk og kortreist mat. Les meir her:  Butikk og kafé

Sommarvertane Åshild og Maren

Sommarvertane Åshild og Maren. Foto: Anne Gravdal

 

 

Ta med familien og bygg miniputtkraftverk i Tysso III. Vi testar kerftene i vatnet frå eit magasin med 2500 liter vatn. Bli med å bygg røyrgate og slepp vatnet frå fordelingsbassenget gjennom røyra til turbinhjulet som får generatoren til å produsere straum. Les meir her: Miniputtkraftverk

Barn bygger kraftverk

Foto: Harald Hognerud

Har du anledning, anbefaler vi ein konsert i kraftkatedralen - ei oppleving utanom det vanlege! Kraftstasjonen er fast arena for ein av  hardangermusikkfest sine konsertar. 

 

 

Frå konserten "Spenningar" i 2014. Film: Dag Endre Opedal

 

 

Bli med i rallarens fotspor til Lilletopp - enten på ein klatretur langs røyrgata saman med opplevodda eller på stien saman med oss. I Skjeggedal tilbyr vi omvisingar på demningen og i inntaksbygget ved Vetlevatn. I Skjeggedalsstova - ei gamal årestove - har vi ein enkel kafé. Les meir her: Lilletopp og Skjeggedal

 

Vetlevatn i Skjeggedal Vetlevatn i Skjeggedal.

 

 

Museet eig yachten M/Y Tysso som er til utleige med skippar. Plass til 12 passasjerar.

Museumsyachten M/Y Tysso

Foto: Harald Hognerud NVIM

 

 

Vi skreddersyr gjerne eit opplegg til ein firmatur, familieselskap, konferanse, seminar og liknande. Send e-post for tilbod post@nvim.no  Les meir her:  Kurs og konferanse

Foto: Harald Hognerud NVIM

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no