Du er her:

Odda Vitensenter og Vitenpark

I Odda Smelteverk sitt laboratorium frå 1918 blei det gjort analyse av karbid, cyanamid, dicy og CY-50.

  

 

 

I tillegg blei det drive forskning og utvikling. På den nyoppussa gamle labben er det no interaktive utstillingar og ulike aktivitetar. Kraftmuseet eig bygget og opna vitensenteret i 2011. Ute framfor vitensenteret finn du Norges første vitenpark, der små og store kan leika og læra.

 

Linedans under opninga av vitenparken

Frå opninga av vitenparken. Foto: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

Laboratoriet på Odda Smelteverk

Smelteverket sitt laboratorium etter at Odda vart råka av ei bombe under 2. verdskrigen. Arkivfoto Kraftmuseet

 

 

 

Film: Dag Endre Opedal Kraftmuseet

 

 

Målgruppa for vitensentra i Norge er grunnskulen og vidaregåande skule. Interessa for realfag skal vekkast for å sikra rekruttering til prosessindustrien.

Professor Fix (Knut) hjelper  

Leik og læring på vitensenteret. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet

 

 

Odda Vitensenter har diverse opplegg til undervisning i skulane. Klassar kan tinga besøk.

 

I sommarferien er vitensenteret ope for publikum. Du kan til dømes finna ut kva som er mest radioaktivt av bly og karbid, ha det kjekt med å bygga banar på kuleveggen vår. Har du lyst til å produsera straum, er vasshjulet tingen!

Lurer du på kor sterk du eigentleg er, kan du testa om du klarer å heisa deg sjølv opp i "kraftblokkstolen".

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no