NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

På veg - fotoutstilling

Utstillling med fotoarven etter Knud Knudsen. Frå 20. juni til 22. august i Lindehuset i Odda sentrum.

Frå og med laurdag den 20. juni 2020, har Kraftmuseet ei utstilling i Lindehuset som viser fotografier av den berømte fotografen frå Odda, Knud Knudsen. Utstillinga er open tirsdag til laurdag frå 11 til 17. Pris: kr. 60 per person, barn opp til 16, gratis. Billettar får du kjøpt i campingvogna som står ved inngangen til Lindehuset. Velkomen!

 


Knud Knudsen (1832 – 1915) var ein av Noregs første store fotopionerar og særleg kjend for sine landskapsfoto. Han vaks opp i Odda inst i Hardanger, men reiste alt som ung gut til Bergen, der han lærte seg å fotografera. Frå den dagen Knudsen reiste frå Odda for første gong, kom han til å bruka store deler av livet sitt på reis. Over heile landet farta han med fotoapparatet med seg på reisekjerra. På vegen fotograferte han det norske landskapet og dei menneska han møtte.

Sjølve vegen er ein viktig motivkrins i fotoarven etter Knudsen. Frå den langstrekte landevegen som strekk seg inn i horisonten via krappe vegslynger i dramatisk vestlandsnatur, til fjorden som transportåre. Knudsen er stadig på veg. På veg til, på veg bort, på veg heim.

I utstillinga «PÅ VEG» møter me eit mangfald av Knudsen sine fotografi med motiv frå heile landet, så vel som motiv frå reiser til både Tyskland og USA. Inn frå vår eiga tid kjem moderne kunstinstallasjonar signert Else Karin Bysheim Tysse. Den nye og den gamle vegen møtest, og ein ny kurs blir staka ut.

I tillegg får du sjå miniutstillinga "Det mystiske lyset" frå KraftLaben vitensenter. 



Velkomen inn og lukke til på ferda!

Utstillinga er eit samarbeid mellom Kraftmuseet og Ullensvang kommune.

Glimt frå utstillinga i Lindehuset. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet

 

 

Miniutstillinga "Det mystiske lyset" frå KraftLaben. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet.

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no