NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Søk

Du er her:

Museet sine avdelingar i Odda

Museet har etterkvart fleire avdelingar i Odda. Arbeiderboligane i Folgefonngata, KraftLaben vitensenter og OddaSmio.

Flyfoto av Odda sentrum Eit oversiktsbilete frå 60-talet der vi ser Folgefonngata til venstre og Smelteverket til høgre i biletet.

Avdelinga i Folgefonngata består i dag av fem hus, Folgefonngata 9, 11 og 13 og to uthus. Uthuset Buen som høyrer til Folgefonngata 9 er biletspelsal og forsamlingslokale og kan leigast.

Anlegget i Folgefonngata er eit vitnesbyrd om levde liv: lagnader, hardt arbeid, livsmot og trua på framtida. Anlegget var det første store restaureringsprosjektet museet gjennomførte. 

Seinare (2010) tok museet over det gamle laboratoriet på smelteverkstomta og bygd det om til KraftLaben vitensenter i samarbeid med VilVite i Bergen. Museet kjøpte og smia på smelteverkstomta i 2010 - som er restaurert og blitt ei av Norges største smier.

I 2019 tek Kraftmuseet over Lindehuset og vil saman med Odda kommune/nye Ullensvang kommune utvikla det tidlegare industribygget til eit regionalt kulturhus.

 


I dag nyttar museet dei historiske husa på Bakke i hovudsak til undervisning, omvisingar og arrangement. Museumslaget for NVIM nyttar nr. 13 som kontor og samlingslokale.

I Folgefonngata kan du få sjå dei eldste arbeidarboligane i Odda. Er bygningane stengde, er du alltid velkommen til å setja deg ned i hagen. Vi tilbyr omvising og filmen 'Borna på Bakke' etter avtale.

 

 

 

 

       

Museumshagen i Folgefonngata. Foto: Harald Hognerud Kraftmuseet             

 

Buen møtelokale i Folgefonngata               Buen møtelokale.                                 

 

 

Bodil Honve og Harald Knutson fortel i filmen Borna på Bakke

Bodil Honve og Harald Knutsson fortel i filmen "Borna på Bakke" om korleis det var å vaksa opp på Bakke. Foto: Kraftmuseet arkiv

 

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Kraftmuseet

Norsk vasskraft- og industristadmuseum


Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@kraftmuseet.no