Ta deg ein klatretur langs røyrgata med erfarne klatreguidar frå Trolltunga-Active eller høyr historia om vasskraftutbygginga i Skjeggedal, staden der vegen til Trolltunga startar.
Sjå korleis arbeidarane budde etter at Odda gjekk frå turist- og bondesamfunn til industristad.
La borna få eksperimentera og leika med realfaglege installasjonar på KraftLaben vitensenter. Besøk Lindehuset, Oddasmio og sjå Knud Knudsen bilete på uteutstillinga, eller informasjonstavler på Smelteverksområdet.
Lindehuset er arena for utstillingar sommaren 2020. Foto: Anne Gravdal, Kraftmuseet.
Ynskjer du teambuilding eller eit magisk arrangement for di verksemd har vi konferansesenter med alle fasilitetar og møterom både i Odda og i Tyssedal.
Kom innom i opningstidene eller ta kontakt for spesialtilpassa tilbod!
Du kan også finne oss på facebook og Instagram:
Facebook - Kraftmuseet #kraftmuseet
Funkartet viser området som vart bygd ut til vasskraftproduksjon frå 1906 og fram til i dag.