NVIM

Velg språk

  • no_NO
  • en_GB
  • de_DE

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum

Søk

Du er her:
  • Tysso II - 50 år med 50 Hertz

Tysso II - 50 år med 50 Hertz

Tysso II leverte straum frå 1967,eit merkeår for krafthistoria. Odda/Tyssedal blei samtidig knytt til sentralnettet, og vi fekk overgang frå 25 til 50 periodar eller Hertz. 

Kraftressursane i Tysso II var svært viktige for ekspansjonen i industrien i Odda og Tyssedal. Indirekte fekk utbygginga stor innverknad på samfunns- og folketallsutviklinga.

Tysso II-anlegget blei bygd ut i åra 1964 til 1967 i regi av AS Tyssefaldene. Anlegget var stort etter den tids målestokk og låg i høgfjellet i vestkanten av Hardangervidda. Tysso II- utbygginga nytta i hovudsak same nedslagsfelt som Tysso I-anlegget, men tok ut effekten i nivået over Ringedalsvatnet, altså frå 373 moh til 464 moh. Entreprenørfirmaet Høyer-Ellefsen var gode på prosjektstyring og fekk hovedentreprisen i konkurranse med andre. NVE, den gong Vassdragsvesenet, hadde ansvaret for utbygging av kraftlinja frå Skjeggedal til Røldal.

 

 

 

 

 

 

 

Veteranane Hjalmar Solem, tidlegare prosjektansvarleg på Høyer-Ellefsen sitt hovedkontor i Oslo og Torstein Standal som var anleggsjef, busett i Tyssedal fortel levande om mange sider ved anlegget.

 

Ingeniør Standal frå firmaet Høier-Ellefsen konfererer med medarbeider ved Langevatn i 1964 Ingeniør Standal frå firmaet Høyer-Ellefsen og medarbeidar i ei hytte ved Langevatn. Foto: NVIM arkiv

 

 

1960-åra var travle år for kraftutbyggjarane. Solem fortel at han i periodar hadde hovedansvar for opptil fire anlegg samstundes og tok sjøfly rundt for å rekkja innom fleire på ein dag. Viktige avgjerder måtte avklarast raskt og etter synfaring på staden. Samstundes var entreprenøren svært avhengig av gode og støe fagfolk. Solem og Standal understrekar at Høyer-Ellefsen hadde svært dugande formenn og folk på Tysso II-anlegget. Dei hadde og eit nært samarbeid med konsulentfirmaet Chr. Fredrik Grøner som sto for damkonstruksjonane.

 

Bygging av demning ved Nibbehøl i 1965 Bygging av demning ved Nibbehøl i 1965. Foto: Olav Moe NVIM arkiv

 

 

Naturvern nytt på 60-talet

Taubanar og beltevogner på snø var hovudtransportforma i anlegget, men helikoptertransport var også i bruk. Brakkemodulane blei frakta luftvegen. Tysso II hadde klausul i anleggsdokumenta om at det ikkje skulle byggjast vegar i høgfjellet eller over tregransa. Om dette låg i konsesjonen frå deprtementet eller om det var direktør Stin Hysing på AS Tyssefaldene  sitt krav, hugsar ikkje anleggsleiarane sikkert. Men Tysso II var det første anlegget i Norge der naturverntanken kom sterkt inn, fortel dei.

 

Helikopter frakter trematerial til Tysso II-utbygginga i 1964

Helikoptertransport til Rypehalsen ved Langavatnet i 1964. Foto: Olav Moe NVIM arkiv

 

 

Utfordringar og handlekraft

Transporten innover Ringedalen til taubane-stasjonane var planlagt gjennomført på isen, men i praksis var dette uråd. Raske og modige avgjerder blei difor tatt for å få bygd vegen langs Ringedalsdammen på rekordtid. I Stavanger henta dei båten dei trong. Solem og Standal fortel og om korleis dei løyste støyping av store betongmurar i høgfjellet, tunnellarbeid med ”knematarar”og skinnetransport, steinknusing og taubanetransport.

 

Omlasting ved Ringedalsvatnet frå båt til taubanen frå nedre stasjon opp til Mikkjelstøl. Omlasting ved Ringedalsvatnet frå båt til taubanen frå nedre stasjon opp til Mikkjelstøl i 1964. Foto: Olav Moe, NVIM arkiv

 

 

 

 

Av Brita Jordal, NVIM 2008/2017

 

 

Venn tipset!

Din venn har blitt sendt en e-post om denne artikkelen.

Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum
Naustbakken 7, 5770 Tyssedal
Telefon: 53 65 00 50
post@nvim.no